Transporttenesta (TT) er eit tilbod om drosjetransport frå dør til dør til personar som på grunn av funksjonshemming har vesentlege vanskar med å reise kollektivt.
TT- ordninga er ikkje ein lovfesta rett, men er eit tilbod som Møre og Romsdal fylkeskommune tilbyr innbyggarane i fylket.
TT- ordninga er meint å dekke fritidsreiser for brukaren, og ikkje reiser betalt av andre. Dette gjeld for eksempel reiser ved behandling hos lege/sjukehus, der NAV/Helseforetaka betalar reisa.
Ordninga blir administrert av fylkeskommunen, men det er kommunane står for godkjenning av nye brukarar i samsvar med retningslinjene. Dersom du ønsker å bli vurdert som brukar, må du altså ta kontakt med heimkommunen din.
I dei fleste drosjene vil saldo på kortet komme fram direkte ved å trekke det gjennom taksameteret. Du kan også kontrollere saldoen ved å ein av følgande måtar:
Dersom kortet blir skada eller du mistar kortet, skal du melde inn dette snarast mogleg ved å ringe 51 90 90 01, eller du kan ta kontakt med saksbehandlar i kommunen din. Det gamle kortet vil då bli sperra, og du vil få tilsendt eit nytt kort. Kostnaden for nytt kort vil bli belasta brukarkontoen din .
Dersom kortet ikkje virkar må du betale turen sjøl, og sende følgande så snart som mogeleg etter at turen er køyrd:
Dette sender du til: post@rogaland-taxi.no
Ev pr post til: Rogaland Taxi AS, PB 14, 4068 Stavanger
Dersom du er godkjent TT- brukar og flyttar innan Møre og Romsdal, treng du ikkje sende ny søknad. Du må likevel melde frå til saksbehandlar, slik at du blir registrert i rett kommune og i rett brukarsone. Er du godkjent TT- brukar i eit anna fylke, må søke på nytt ved flytting til Møre og Romsdal.