Fagbrev som vaksen: Praksiskandidat eller Fagbrev på jobb

For vaksne finst det to ordningar:  

Praksiskandidatordninga er ei ordning for personar som kan dokumentere lang og allsidig yrkespraksis. Praksiskandidatordninga er derfor ikkje ei opplæringsordning, men ein rett til melde seg til fag- eller sveineprøve utan opplæring i skole og læretid i bedrift. 

Fagbrev på jobb er ei ordning for vaksne som er i eit arbeidsforhold. Det skal lagast ein skriftleg kontrakt mellom kandidaten og bedrifta der kandidaten arbeider før opplæringa startar. Vaksne får moglegheit til å få fag- eller sveinebrev på grunnlag av allsidig praksis, realkompetansevurdering og opplæring kombinert med praksis med rettleiing i vanleg arbeid.