Tilskot til den kulturelle spaserstokken

Den kulturelle spaserstokken er ei ordning der kommunane kan søke om tilskot til profesjonell kunst- og kulturformidling tilpassa eldre. Ramma på støtteordninga er 2 millionar kroner.

Skriv ut

Formålet med ordninga er å:

  • Sørge for profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet til eldre
  • Legge til rette for samarbeid mellom kultursektoren og omsorgssektoren
  • Medverke til at eldre får eit tilpassa kulturtilbod på arenaer der di helt til i dagleglivet

Kven kan søke?

Kommunar i Møre og Romsdal.

Kva kan du søke tilskot til?

Profesjonell kunst- og kulturformidling tilpassa eldre.

Tilskotet kan ikkje gå til bevertning, investeringar, utstyr, administrasjonstiltak, planleggingstiltak eller kompetanseutvikling.

Søknadsfrist

15. februar

Korleis søker du støtte?

Fyll inn søknadsskjemaet under med kontaktinformasjon og kontonummer for overføring.

Last opp plan for tiltak.

Last opp budsjett for 2022

Søknaden må innehalde:

Plan og skildring av aktivitetar for den kulturelle spaserstokken i 2022. Plana må innehalde namn på tiltaka, skildring av tiltak, målgruppe, sjanger/uttrykk/tema og arena.

Alle søknadar må leggje ved budsjett.

Saksbehandling

Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune har normalt fire veker saksbehandlingstid for søknadar om tilskot, frå første yrkedag etter søknadsfrist. Målsetninga er likevel ei raskare saksbehandling.

Tildeling:
  • Fordelinga mellom kommunane skjer etter tal på eldre over 70 år i kommunen.
  • Om ikkje alle kommunar har søkt blir resterande midlar fordelt på søknadar som har eit godt innhald på tiltak/program, nyskaping, samarbeid og tilbod til mange.

Dokumenter

Kontakt