Tilskot til bibliotekutvikling

Møre og Romsdal fylkeskommune skal vere pådrivar for bibliotekutvikling i fylket. Vi lyser no ut tilskot for å generere meir utvikling i folkebiblioteka.

Skriv ut

Utlysinga er ei oppfølging av Fagplan bibliotek 2017-2020, og følgjande satsingsområde:

  • Kunnskap og læring
  • Litteratur og formidling
  • Møteplass og debattarena

Vi søker inntil fem folkebibliotek som ønsker å sette i gong med utviklingsprosjekt knytt til eit eller fleire av satsingsområda. Fleire bibliotek kan inngå samarbeid om felles søknad og prosjekt på tvers av kommunegrenser. Ramma på støtteordninga er 500 000 kroner, kvart bibliotek kan søke inntil 100 000 kroner.

Kven kan søke?

Folkebiblioteka i Møre og Romsdal.

Kva kan du søke tilskot til?

Vi ønsker søknadar som:

  • Tek utgangspunkt i eit eller fleire av satsingsområda i Fagplan bibliotek nemnt innleiingsvis
  • Beskriv mål med søknaden, samt målgruppe
  • Er forankra i kommunen/ane, hjå leiing og/eller i kommunale planverk
  • I tillegg til Fagplan bibliotek ser mot andre regionale og nasjonale satsingar og strategiar som rører ved bibliotekfeltet
  • Legg til rette for samarbeid og/eller involvering av frivillige lag/organisasjonar eller andre aktørar
Fylkeskommunen kan ikkje gi støtte til:
  • Politisk verksemd
  • Humanitær verksemd
  • Organisasjonar eller aktørar som samlar inn eller vidareformidle midlar
  • Organisasjonar eller aktørar som fremmer eigne medlemmer sine økonomiske eller yrkesmessige interesser
  • Trus- og livssynssamfunn og anna religiøs verksemd
  • Ordinær drift
  • Tiltak som er gjennomført før søknadsfristen
  • Ordinære marknadsføringskampanjar
  • Innkjøp av IKT-utstyr
Søknadsfrist

25. april 2022

Korleis søker du støtte?

Du kan søke støtte via Regionalforvaltning, sjå lenke under. Her kan du òg følge med på saksbehandlinga.

For å få behandla søknaden din, må søknadsskjema i Regionalforvaltning fyllast ut.

Søknadsbehandling

Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune har normalt fire veker saksbehandlingstid for søknadar om tilskot, frå første yrkedag etter søknadsfrist. Målsetninga er likevel ei raskare saksbehandling.

Retningslinjer for tilskot

Fylkeskommunen kan dekke inntil 50% av totalkostnaden i prosjekta. Arbeidstid for kommunalt tilsette kan reknast som eigenandel, inntil 500 kroner timen.

Søknaden må støtte vilkår som elles er satt til søknadar, som til dømes budsjett- og finansieringsplan, rapportering og synleggjering av tilskotsgjevar – slik dette går fram i søknadsportalen regionalforvaltning.

Sjå retningslinjer for ditt tilskot og rettleiar for Regionalforvaltning på https://mrfylke.no/vilkaar-for-kulturtilskot

Tilskotsmottakarar må dele sine erfaringar på komande nettverkssamlingar i regi av fylkeskommunen, anten i Møre og Romsdal eller på nasjonale arenaer om det blir aktuelt.

Dokumenter

Kontakt