Formål:
Ordninga skal bidra til å auke forskingsbasert innovasjon i privat og offentleg sektor. MobPro er ein del av Forskingsrådet sitt program for forskningsbasert innovasjon i regionane (FORREGION).
Kva kan du søke tilskot til?
- Bedrifter og kommunar i Møre og Romsdal med liten eller ingen erfaring med forsking og utvikling kan søke om forprosjektmidlar på inntil 250 000 kroner til kjøp av tenester frå eit forskingsmiljø.
- Forprosjektet må vere knytt til utvikling av «mogleggjerande teknologiar» eller «berekraftig og smarte løysingar», og ha eit tydelig innovasjons- og forskingsinnhold.
- Forprosjektmidlane kan ikkje bli brukt til skriving av søknadar til andre program eller støtteordningar. Det er bedrifta som søker, ikkje FoU-institusjonen.
Sjå utlysinga hos forskingsrådet.
Kven kan søke?
Bedrifter og kommunar i Møre og Romsdal. Ta kontakt med ein kompetansemeklar før du søker.
Søknadsfrist:
Det er løpande søknadsfrist.
Korleis søker du:
Bruk søknadsskjemaet under.
Send søknaden på e-post til prosjektleiar Øyvind Herse. Han vurderer søknaden før den blir sendt til forskingsrådet for endeleg godkjenning. Prosessen tar vanlegvis ein månad.