Skaparkraft - Fornybar energi

Skriv ut

Formål  med ordninga

Ordninga skal stimulere til næringsutvikling på energiområdet. Dette kan for eksempel vere utgreiingar om ny fornybar energiproduksjon eller meir effektiv bruk av fornybar energi i tilknyting til næringsareal i Møre og Romsdal. Også klyngeutvikling og andre tiltak kan omfattast av ordninga.

 Kva kan du søke støtte til?

  • Gjennomføring av energiproduksjonsanalyser
  • Forprosjekt knytt til næringsutvikling innan energiområdet 
  • Klyngeutvikling -bygge partnarskap og nettverk til aktørar regionalt, nasjonalt og internasjonalt som fremmer utvikling på energiområdet 
  • Andre energirelaterte næringsutviklingstiltak

Rammer for ordninga

  • Støtteordninga kan dekke inntil 50 prosent av kostnadane i prosjektet. Det er sett av 2 mill. kroner til formålet i 2022.

Prosjekta vert vurdert opp mot følgande kriterium: 

  • Prosjektet må ha ein tydeleg eigar og vere godt forankra internt hos deltakande bedrifter 
  • Prosjektet må la seg gjennomføre innan rammene for ordninga
  • Fylkeskommunen vil prioritere søknadar der fleire bedrifter samarbeider - synergieffektar
  • Prosjektorganisering og gjennomføringsevne. 

Kven kan søke?

  • Kommunar, næringshagar/klynger, utdanningsinstitusjonar, forskingsmiljø i Møre og Romsdal
  • Enkeltbedrifter kan søke, men då må tilskot bli gitt som «Bagatellmessig støtte”, og bedrifta kan ikkje ha mottatt meir enn 200 000 Euro i slik støtte i løpet av dei to siste åra
  • Fylkeskommunen vil prioritere prosjekt som inneber samarbeid og partnarar som medverkar til å styrke kvalitet og geografisk nedslagsfelt. 

Søknadsfrist: Fortløpande