Kommunalt næringsfond

Skriv ut

Kommunalt næringsfond skal brukast til å styrke nyskaping, innovasjon og næringsutvikling i berekraftsfylket Møre og Romsdal. Støtte frå næringsfondet skal utløyse vekstpotensialet i lokale bedrifter og bidra til å nå kommunane sine mål for lokalsamfunnet. 

Det kan bli gitt støtte til bedrifter, nyetablerarar eller samarbeid mellom bedrifter. Søkar må vere registrert med organisasjonsnummer i Einingsregisteret.

Tiltak som får støtte frå næringsfondet må bidra til å skape nye, eller sikre eksisterande arbeidsplassar.

NB. Det er kommunen som forvaltar denne ordninga. Ta derfor kontakt med kommunen din dersom du har spørsmål.

Søknad om støtte frå kommunalt næringsfond skal leverast i søkeportalen regionalforvaltning.no

Retningslinjer for kommunale næringsfond i Møre og Romsdal

-vedtekne av kultur- næring og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune 01.02.2022

1. Ramme
Fylkeskommunen kan gi løyvingar til kommunale næringsfond. Ramme vert fastsett i økonomiplan med budsjett for det aktuelle året. Kultur-, næring- og folkehelseutvalet kan fastsette retningslinjer og fordele årleg ramme til kommunane.

2. Reglar for fordeling av ramme mellom kommunane
Kommunalt næringsfond vil bli tildelt kommunar i Møre og Romsdal som er omfatta av virkeområdet for distriktsretta investeringsstøtte.

Årleg ramme til kommunane vert fordelt etter tre parameter: Ein del som eit likt grunnbeløp til alle kommunane, ein del fordelt etter folketal, og ein del basert på Kommunal- og distriktsdepartementet sin årlege distriktsindeks.

Kommunar med eigne kraftfond, eller andre ekstraordinære inntekter som kan brukast til næringsutvikling, får avkorting i tildeling av næringsfond frå fylkeskommunen. Det kommunane disponerer av lokale fond vil bli tatt omsyn til ved fordeling av tildeling.

Årleg tildeling kan bli redusert ved manglande rapportering, bruk av midlar i strid med retningslinjene eller ved lite bruk av tidlegare tildelt støtte frå næringsfondet.

Fordeling og utbetaling blir gjort når rapport frå føregåande år er mottatt og godkjend. Kommunane skal plassere fondet på renteberande konto. Kommunane kan når som helst legge til eigne midlar i fondet.

Alt som blir tilført det kommunale næringsfondet må brukast etter desse retningslinjene, inkludert renteinntekter, inndregne midlar, overføringar frå tidlegare år og evt. kommunale midlar.

3. Mål
Kommunale næringsfond skal brukast til å styrke nyskaping, innovasjon og næringsutvikling i berekraftsfylket Møre og Romsdal. Støtte frå næringsfondet skal utløyse vekstpotensiale i lokale bedrifter, og bidra til å nå kommunane sine mål for lokalsamfunnet.

4. Grunnvilkår
Det kan gjevast støtte til bedrifter, nyetablerarar eller samarbeid mellom bedrifter. Søkar må vere registrert med organisasjonsnummer i Einingsregisteret.

Tiltak som får støtte frå næringsfondet må bidra til å skape nye, eller sikre eksisterande arbeidsplassar.
 
Tiltak kan vere investering i produksjonsanlegg og utstyr, profilering og merkevarebygging, produktutvikling, kompetansehevingstiltak, marknadsundersøking, bedriftsutvikling, rådgiving, bedriftsnettverk eller liknande. 

Støtte skal gjevast som tilskot.

Tiltak kan støttast med inntil 50 % av totale kostnadar, avgrensa til maksimalt 150 000 kroner. Kommunen kan sette strengare avgrensingar, eller i særlege tilfelle, gjere unntak frå dette.

Eit prosjekt skal ikkje gjevast støtte over lengre tid enn 3 år.

Støtte frå kommunalt næringsfond skal ha ein utløysande effekt. Det betyr at midlane skal bidra til realisering av tiltak som elles ikkje ville ha blitt gjennomført.

Kommunalt næringsfond skal supplere, ikkje erstatte, andre offentlege støtteordningar for bedrifter.

5. Avgrensingar
Kommunalt næringsfond kan ikkje brukast til:
• Renter, avdrag og refinansiering av lån, kausjon og garantier
• Kjøp av aksjar eller investering i eigenkapital uavhengig av organisasjonsformer
• Ordinær drift av verksemder. All støtte som ikkje er knytt til konkrete utviklingsprosjekt vert sett på som driftsstøtte. I bedrifter vil dette for eksempel gjelde vedlikehald og utskifting av gammalt utstyr med nytt utstyr av same type.
• lnvesteringar i, og ordinær drift og vedlikehald av, offentlege oppgåver.
• Tilretteleggande næringsutviklingsarbeid i regi av kommunen eller andre organisasjonar

6. Satsar for eigeninnsats
Ved utrekning av kapitalbehov inngår normalt reine pengeutlegg. Unntaksvis kan eigen arbeidsinnsats reknast inn i kapitalbehovet. Eigeninnsats for privatpersonar kan prissettast inntil 200 kroner pr. time.

Dersom tilskotsmottakaren er eit rekneskapspliktig selskap som bruker eigne tilsette i form av eige arbeid, må selskapet kostnadsføre eigeninnsatsen i rekneskapen for at det skal kunne vere del av godkjent kostnadsgrunnlag. I slike tilfelle skal eigeninnsatsen prissettast til maksimalt 1,2 promille av årslønn, avgrensa til 700 kroner pr. time.

Det skal førast timeliste for dokumentasjon.

7. Styrande dokument
Lokale strategiar for nærings- og samfunnsutvikling skal ligge til grunn for kommunen sin bruk av næringsfondet. Kommunane kan utarbeide lokale retningslinjer for kommunalt næringsfond.

8. Forvaltingsansvar
Kommunen har vedtaksmynde, men kan delegere forvaltningsansvaret til ein annan forvaltar. Då må kommunen utarbeide oppdragsbrev eller avtale som inneheld vilkår for forvaltning av fondet. Slik avtale skal godkjennast av fylkeskommunen.

9. Regelverk for statstøtte
Tilskot frå kommunalt næringsfond er rekna som bagatellmessig støtte etter EØS-regelverket. Ei bedrift kan ta imot maksimalt 200.000 euro bagatellmessig støtte over ein rullerande treårs periode. Kommunen må opplyse søkar om at tilskot er gitt etter bagatellstøtte-regelverket. Det er bedrifta sitt ansvar å oppgi tidlegare mottatt bagatellstøtte i søknaden.

10. Kunngjering
Høve til å søke støtte frå kommunalt næringsfond skal kunngjerast. Kunngjeringa må opplyse om målgruppe, formålet med ordninga, tildelingskriterium, kva opplysningar som trengst i søknaden og eventuell søknadsfrist.

11. Søknad
Kommunale næringsfond kan berre tildelast på grunnlag av søknad. Kommunane skal motta og behandle alle søknadar i søknadsportalen www.regionalforvaltning.no.

12. Tildelingsbrev
Avgjersle om tildeling av tilskot skal vere skriftlig dokumentert, ved eit tildelingsbrev som skal sendast kvar enkelt tilskotsmottakar. Tildelingsbrev skal innehalde:
•    Formål, dvs. kva tiltak tilskotet skal brukast til
•    Tilskotsbeløp
•    Utbetalingsvilkår
•    Vilkår for bruken av tilskotet og eventuell frist for mottakar til å akseptere vilkåra
•    Krav til rapportering
•    Informasjon om kontrolltiltak som kan bli iverksett
•    Moglege reaksjonsformer dersom mottaker ikkje opptrer i samsvar med forutsetningane for
•    tilskotet
•    Informasjon om klagerett

Tilskotsmottakar skal skriftleg akseptere at tilskotet er mottatt med dei vilkåra som gjeld.

13. Klagerett
Vedtak om kommunale næringsfond er enkeltvedtak og kan klagast på etter kommunelova §11.1 kap. 11 « Saksbehandling i folkevalgte organer» og forvaltningslova §28. Klage skal behandlast av kommunen sitt klageorgan.

14. Utbetaling
Tilskotsmottakar skal føre separat rekneskap for bruken av tilskotet. Sluttutbetaling skal skje etterskotsvis mot rapport og rekneskap. Kommunane kan vurdere vilkår for delutbetalingar,  men det skal ikkje betalast ut meir enn 75 % av tilskotet før prosjektet er avslutta og sluttrapport godkjent.

15. Oppfølging og kontroll
For å sikre korrekt saksbehandling ved tildeling og utbetaling av tilskot, skal dei som forvaltar tilskot ha etablert system, rutinar og tiltak som skal førebygge, avdekke og korrigere feil og manglar, jfr §14 Intern kontroll i Reglement for økonomistyring i staten og kapittel 6 forvaltning av tilskotsordningar i bestemmelser om økonomistyring i staten.

16. Rapportering til fylkeskommune og KMD
Kommunen skal rapportere om bruken av næringsfond via www.regionalforvaltning.no. Rapporteringsfristen 01. februar påfølgande år.

17. Andre vilkår
Kommunane, eller den kommunen har gitt forvaltningsansvaret, kan bruke inntil 5 % av årets løyving til å dekke kostnader ved forvaltning av kommunale næringsfond.

Det kan ikkje gjevast tilsegn utover det som til ei kvar tid står på fondet. Det er ikkje lov å gi tilsagn basert på forventningar om neste års løyving frå fylkeskommunen.