hoppid.no-midlar

Skriv ut

hoppid.no - avklaringsmidlar skal bidra til fleire og betre nyetableringar i Møre og Romsdal, ved å hjelpe nyetablerarar å gjennomføre enkle, men avgjerande aktivitetar for å avklare vidare satsing.

Målgruppa er etablerarar med forretningsidear i tidleg fase. Tilskotet skal nyttast til aktivitetar som kan avklare organisering, marknadspotensiale, lønsemd og andre spørsmål som kan avgjere vegval og framdrift for bedriftsetableringa. Ein kan søkje om inntil 30 000 kroner i avklaringmidlar. 

På hoppid.no-kontora får gründeren gratis råd og rettleiing, tilbod om kurs og opplæring, råd om tilskot og finansiering og hjelp i søkeprosessar og til nettverksbygging. I tillegg legg hoppid.no til rette for knoppskyting i næringslivet og for entreprenørskap i skulen.

Ta kontakt med hoppid.no kontoret i din kommune om du vil vite meir om ordninga.

Retningslinjer for hoppid.no-midlane

Vedtekne av Kultur-, næring- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune 15.03.2022.

Formål
hoppid.no - avklaringsmidlar skal bidra til målet om fleire og betre nyetableringar i Møre og Romsdal.

hoppid.no - avklaringsmidlar skal hjelpe nyetablerarar å gjennomføre enkle, men avgjerande, aktivitetar for å avklare vidare satsing. 

Økonomisk ramme, tildeling og forvalting
Midlar til hoppid.no - avklaringsmidlar kan løyvast årleg frå fylkeskommunen sine regionale utviklingsmidlar. Samla beløp og fordeling til hoppid.no kommunar vert bestemt politisk i eiga sak i Kultur-, næring- og folkehelseutvalet. Ramme til hoppid.no - avklaringsmidlar blir fordelt på kommunar som har gyldig partnarskapsavtale i hoppid.no.

Ramma blir fordelt til kommunane etter følgande modell:

1. Eit likt grunnbeløp til kvar kommune
2. Restbeløp fordelt etter tal innbyggjarar i kommunane.
3. Tilleggsløyving til kommunar med særleg høg arbeidsløyse.

Ramma blir forvalta av den kommunen har gitt rolle som hoppid.no-kontor, som også har vedtaksmynde for tildeling. Saksbehandlinga skal følgje forvaltningslova.

Rapportering og utbetaling
Rapportering for kvart år skal sendast kompetanse- og næringsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune innan 25. januar påfølgande år. Rapporten skal innehalde opplysningar om forbruk, mottakar av tilskot og resultat. Rapportering skal skje via
hoppid.no si digitale plattform.

Utbetaling krev at rapportering for føregåande år er motteken og godkjend. Ubrukt ramme kan overførast til neste år. Dersom ein kommune over tid akkumulerer tildelte midlar, eller nyttar midlane i strid med retningsliner for bruk, vil tildelinga bli redusert. Ubrukte midlar kan flyttast over til ein annan kommune eller til andre hoppid.no-kontor i kommunen etter søknad til Møre og Romsdal fylkeskommune.

Møre og Romsdal fylkeskommune kan når som helst få innsyn i kommunane si forvaltning av hoppid.no - avklaringsmidlar.

Målgruppe
Etablerarar med forretningsidear i ein tidleg fase. Tilskotet skal nyttast til aktivitetar som kan avklare organisering, marknadspotensiale, lønsemd, og andre spørsmål som kan avgjere vegval og framdrift for bedriftsetableringa.

Tilskotsgrunnlag
Grunnlag for vedtak om tilskot er framlagt budsjett, som viser utgifter som må betalast for aktivitetar innanfor formålet for ordninga.

Beløp
Det kan gjevast inntil 30 000 kroner i tilskot per forretningside.

Rapportering frå tilskotsmottakar
Tilskotsmottakar skal dokumentere utgifter i høve til budsjett som var grunnlag for tilskotet, og skildre resultat av tiltaket.

Utbetaling
Den som har vedtaksmynde avgjer utbetalingstidspunktet.