Tilskot til regionale kulturminne og kulturmiljø

Denne tilskotsordninga har som formål å bidra til å vedlikehalde og sette i stand kulturminne og kulturmiljø av regional og høg lokal verneverdi.

Skriv ut

Kven kan søke?

  • Private eigarar av kulturminne og kulturmiljø
  • Private stiftingar, foreiningar/organisasjonar/sameige/frivillige, museum og kommunar kan søke

Kva kan du søke tilskot til?

Ordninga gjeld for kulturminne og kulturmiljø som ikkje er freda, men som enten:

  • er listeført i regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi
  • inngår i kommunale kulturminneplanar
  • er regulert til bevaring/omsynssone i medhald av plan- og bygningslova

Søknadsfrist:

1. november

Korleis søker du støtte:

Støtteordninga opnar for nye søknadar 20. september, 6 veker før søknadsfristen 1. november. Når ordninga er open kan du søke støtte via Regionalforvaltning, sjå lenke under. Her kan du òg følge med på sakshandsaminga.

Kultur-, næring- og folkehelseutvalet gjer endeleg vedtak om tildeling av tilskot. Tildelte midlar blir offentleggjort i brev til søkjarane.

Søknaden må innehalde:

  • Skildring og foto av kulturminnet (oversiktsbilete og detaljbilete)
  • Tilstandsvurdering og skildring av det planlagde tiltaket
  • Spesifisert plan for arbeidet frå handverkar og/eller rådgivarar
  • Spesifisert kostnadsoverslag frå restaureringskyndig handverkar og/eller rådgivarar
  • Finansieringsplan

Vilkår for tilskot:

  • Omsøkte tiltak skal ikkje vere starta opp på søknadstidspunkt. Allereie igangsette arbeid, eller avslutta tiltak, kan ikkje rekne med å få støtte.
  • Alle tiltak skal skje i samsvar med antikvariske retningsliner for istandsetting, materialbruk og liknande. Sjå også rettleiar nedst på sida.
  • Bygningane må vere bevart på sin opphavlege plass.
  • Møre og Romsdal fylkeskommune har høve til å godkjenne utførande handverkar på kulturminne det blir gitt tilskot til.
  • Tilskotet kan ikkje overstige 50 prosent av budsjettet.

Desse retningslinjer er generelle og gjeld alle prosjekttilskot til kulturarv frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Fylkeskommunen skal sørge for økonomiske, organisatoriske, informerande og andre relevante verkemiddel og tiltak som fremmer og legg til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd regionalt og lokalt (Kulturlova § 4).

Desse kan ikkje få støtte frå fylkeskommunen

Fylkeskommunen kan ikkje gi støtte til aktivitetar og prosjekt som fremmar interesse-, politiske-, yrkes- og arbeidslivs-, helse-, innsamlings- og vitskapsorganisasjonar. Det blir heller ikkje gitt støtte til trus- og livssynssamfunn, anna religiøs aktivitet og organisasjonar med ein religiøs formålsparagraf.

Det kan likevel gis støtte til vern av kulturarv som er viktige for fellesskapet som minner om slik aktivitet.

Vilkår for tildeling
  • Tildelinga gjeld det som er beskrive i søknaden. Dersom prosjektet blir endra utan godkjenning, kan vi trekke tilbake heile eller delar av tildelinga.
  • Dersom det blir vurdert å gjere endringar i prosjektet, må de kontakte fylkeskommunen. Dette må skje før iverksetting slik at vi er godt orientert og får moglegheit til å gi råd om tiltaka som blir iverksett. Dette gjeld òg viss det blir aktuelt å engasjere andre handverkarar/firma enn det som går fram av søknaden.
  • Dersom det er aktuelt å bruke tilskot til andre tiltak enn det de har fått tilskot til, må det bli søkt om omdisponering. Dette må de gjere før iverksetting av tiltaket.
  • Alle tiltak skal skje i samsvar med antikvariske retningslinjer for istandsetting, materialbruk og liknande.
Krav til gjennomføring av tiltak

Alle arbeider blir utført i samsvar med anlegget si historie. For å oppfylle FN sine berekraftsmål og bidra til å redusere klimaavtrykk skal vedlikehald og istandsetting skje så skånsamt som mogleg og etter antikvariske retningslinjer.

  • Det skal vere minst mogleg utskifting av originale element og materialar.
  • Det skal brukast tradisjonelle materialar, dimensjonar, utføring og teknikkar både ved reparasjon og eventuell utskifting.
  • Det er betre å reparere bygningsdelar framfor å skifte dei ut.
  • Det er betre å legge til eit bygningselement eller materiale enn å fjerne.
  • Eigar må stille krav til utførande handverkar/firma sin antikvariske kompetanse samt teknisk og fagleg kvalitet.
  • Endringar skal dokumenterast gjennom foto og beskrivingar.
Ansvar som oppdragsgivar
  • Søkar må sjølv stå som oppdragsgivar for handverkar/firma som utfører arbeidet. Faktura for utført arbeid skal bli adressert til søkar, som forskotterer utbetaling.
  • De er ansvarleg for at handverkar/firma som skal utføre arbeidet blir gjort kjend med vilkår og antikvariske retningsliner for fysiske tiltak.
  • Ved tilskot til moglegheitsstudiar, rapportar og dokumentasjon skal det endelege materialet delast med fylkeskommunen for arkivering.
Økonomi
  • For prosjekt eller tiltak på kulturarvfeltet kan samla offentlege tilskot normalt utgjere inntil 70 prosent av prosjektet sitt totalbudsjett. I særlege tilfelle kan søkar få tilskot som går utover dette. Av det offentlege tilskotet, kan fylkeskommunen sitt bidrag maksimalt utgjere 50 prosent av prosjektet sitt totalbudsjett.
  • Søkarar som får kompensasjon for meirverdiavgift (mva.), skal oppgi beløp eksklusiv mva. i søknaden. Dersom dette ikkje blir gjort, skal det som eventuelt er utbetalt for mykje (tilsvarande kompensasjonen) betalast tilbake.
  • Tilskotet blir utbetalt når tiltaka er utført og vi har fått sluttrapport som viser at prosjektet er gjennomført etter retningslinjer og vilkår.
  • De kan be om utbetaling av inntil 75 prosent av tilskotet medan prosjektet er under utføring.
  • For tildelingar over 200 000 kroner er det krav om autorisert revisor. Unntatt frå dette kravet er verksemder som nyttar kommunerevisjon eller anna offentleg revisjonsorgan. Dokumentasjon frå revisjonsorgan skal leggast ved rapporteringa.
  • Møre og Romsdal fylkeskommune er ikkje pliktig til å sjå til at søkar handlar i tråd med til Lov om offentleg anskaffelse (LOA) og Forskrift om offentleg anskaffelse (FOA), men vi føresett at søkar set seg inn i reglementet når det er nødvendig.
Fylkeskommunen kan krevje tilskot tilbakebetalt
  • Det er eit krav at tiltaket blir gjennomført i tråd med det som er beskrive i søknaden og vilkår for tildeling. Dersom ein søkar gir ufullstendig eller feilaktige opplysingar i søknaden, og dette fører til at det blir utbetalt ugrunna eller for mykje, kan tilskotet heilt eller delvis bli kravd tilbake.
  • Dersom fylkeskommunen utbetaler feil beløp, skal det som eventuelt er utbetalt for mykje betalast tilbake.
  • Dersom mottakar ikkje oppfyller vilkåra og rapporteringskrava, kan vi trekke tilskotet tilbake.
Synleggjering

Det er et krav at mottatt støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune skal synleggjerast i program, informasjonsdokument, rapportar, på plakett og liknande.

Det skal komme fram i årsmelding og eigen post i rekneskapen at det er mottatt tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Krav til rapportering

​​​​​Etter at tiltaket er gjennomført, skal du levere ein sluttrapport til fylkeskommunen, som skal synleggjere at arbeidet er utført i samsvar med vilkåra for tilskotet. Sluttrapporten skal føreligge seinast tre månader etter at tiltaket er gjennomført, og skal innehalde

  • oversikt over rekneskap med kostnader og finansiering, satt opp i samsvar med budsjett i søknaden og kor avvik er forklart. Kopi av alle bilag skal ligge ved (spesifisert faktura og kvittering på betalte faktura).
  • orientering om at tiltaket er gjennomført i samsvar med vilkår for tildelinga.
  • utgreiing for heile prosjektet og rapport for utført arbeid samt dokumentasjon i form av fotografi eller andre medium frå før, under og etter gjennomføringa.

I prosjektregnskapet skal tilskot frå fylkeskommunen og andre samt eigenandel føres som inntekt. Eigenandel kan vere eigne midlar, eige arbeid og/eller dugnad. Vi viser til Riksantikvaren sin sats for eigeninnsats/dugnadsarbeid som per nå er 277 kroner per time. Tilskotet kan ikkje betale for dugnad/eigeninnsats.

Det kan bli gjort unntak frå kravet om frist for sluttrapport dersom særlege grunner taler for det. Frist for sluttrapport står i tildelingsbrevet.

Regionalforvaltning
  • Rapportering blir omtalt som «anmodninger» i Regionalforvaltning. For søknadar levert i Regionalforvaltning, skal også rapportering leverast i same portal.
  • For å få tilskotet utbetalt må de sende ei utbetalinganmodning i Regionalforvaltning. Logg inn på www.regionalforvaltning.no, finn søknaden som er innvilga og be om del- eller sluttanmodning (ikkje MRS-rapport). Følg rettleiinga og last opp vedlegg.
Kontroll

Fylkeskommunen skal kunne kontrollere at de bruker eller har brukt midlane etter vilkåra. Søkar plikter på førespurnad å legge fram alle opplysningar som er nødvendig for at fylkeskommunen kan gjennomføre ein slik kontroll.

Hjemlet i Bevilgningsreglementet § 10, som gir fylkeskommune, riksantikvar m.m. tilgang til å gjøre revisjon av utdelte midler. Riksrevisjonen har også adgang til å foreta revisjon, etter lov om riksrevisjon § 12.

Klagerett

Vedtak om kulturtilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune er ikkje enkeltvedtak etter forvaltningslova. Det betyr at det ikkje er klagerett på dette vedtaket etter reglene i lova.

Dokumenter

Kontakt