Tilskot til "Vår veke" - Frivilligheita sitt år 2022

Møre og Romsdal fylkeskommune lyser ut tilskotsordning til arrangement i «Vår veke»

Skriv ut

Frivilligheita sitt år skal medverke til å vise kva frivilligheita betyr for Noreg. Vi skal fjerne barrierar som enkelte kan ha for deltaking i frivillig aktivitet, vi skal auke deltakinga, og synleggjere frivillig sektor sin betydning i samfunnet. “Vår veke”, i uke 23 2022, skal løfte fram frivilligheita i Møre og Romsdal, og bidra til markeringar over heile fylket.

Formål med tilskotsordninga

Tiltaka som vert gjennomførte skal synleggjere den frivillige innsatsen i fylket vårt. Tiltaka som får støtte skal gjennomførast i veke 23 i 2022, 6.-12.juni.  

Kven kan søkje?

Regionale/fylkesledd av frivillige organisasjonar i Møre og Romsdal. 

Kva kan ein søkje støtte til? 

Eksempel på arrangement ein kan søke støtte til er møteplassar, frivilligtorg og -dagar og rekrutteringsdagar. Det vil vere ein fordel om arrangementa er i samarbeid med ulike organisasjonar og/eller kommunen aktivitetane skal gjennomførast i. Dei regionale ledda bør òg involvere lokale ledd. Ei prioritert målgruppe skal vere barn og unge.

Tidspunkt for arrangement: veke 23, 2022

Støttenivå: Inntil 50 000 kroner per arrangement eller aktivitet

Fylkeskommunen kan ikkje gi støtte til: 
  • Politisk verksemd
  • Humanitær verksemd
  • Organisasjonar eller aktørar som samlar inn eller videreformidlar midlar
  • Organisasjonar eller aktørar som fremmer eigne medlemmer sine økonomiske eller yrkesmessige interesser
  • Trussamfunn og anna religiøs verksemd 
Søknadsfrist

28.02.2022

Korleis søkjer du støtte? 

Støtteordninga opnar for nye søknadar om lag åtte veker før søknadsfristen 28. februar. Når ordninga er open kan du søke støtte via Regionalforvaltning, sjå lenke under. Her kan du òg følge med på saksbehandlinga. 

For å få behandla søknaden din, må søknadskjema i Regionalforvaltning fyllast ut. 

Saksbehandling

Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune har normalt fire veker saksbehandlingstid for søknadar om tilskot, frå første yrkedag etter søknadsfrist. 

Vilkår for tilskot: 

Sjå vedlagte vilkår nedst på sida, under dokumenter eller følg denne linken.

Dokumenter

Kontakt