Tilskot til integreringstiltak for flyktningar i regi av frivillige lag og organisasjonar i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal lyser ut tilskotsordning for frivillige lag og organisasjonar i Møre og Romsdal som jobbar med aktivitetstilbod til flyktningar.

Skriv ut

Ramma for ordninga er 5 millionar kroner.

Søknadsfrist

Fortløpande

Tilskotsordninga skal bidra til at frivillige lag og organisasjonar raskt kan sette i gong målretta integreringstiltak i den ekstraordinære flyktningsituasjonen.

Ordninga gjeld for 2022 og 2023. 

Lokale og regionale frivillige lag og organisasjonar i Møre og Romsdal som er registrert i Frivilligheitsregisteret.

Tiltak som er direkte retta mot målgruppa for eksempel formidling av informasjon, fritids- og ferieaktivitetar, møteplassar, finansiering av utstyr og transport til aktivitetar med meir, og som bidreg til språktrening i norsk/engelsk.

Det er ingen øvre grense på søknadssum, men nedre grense er 20 000 kroner.

Ordinær drift

Du søker støtte via Regionalforvaltning, sjå lenke under. Her kan du òg følge med på saksbehandlinga.

For å få behandla søknaden din, må søknadsskjema i Regionalforvaltning fyllast ut.

I vurdering av søknadane blir det særleg lagt vekt på: 

  • Tiltak initiert og styrt av frivillige lag og organisasjonar
  • Tiltak som settast i gang innan to månader etter tildeling
  • Resultat og effektar som kjem målgruppa busett i Møre og Romsdal fylke til gode
  • Tiltak der deltakarane sjølve har deltatt/medverka i utforming av tiltaket

Fylkeskommunen vil støtte prosjekt og tiltak som ikkje er omfatta av andre ordningar og som vil vere eit supplement til det offentlege tilbodet. Geografisk spreiing, brukarmedverknad og likeverd står sentralt i prioriteringa.

Søknaden skal leverast elektronisk via Regionalforvaltning og innehalde:

  • skildring av tiltaket og korleis det skal gjennomførast
  • budsjett og framdriftsplan for tiltaket
  • oversikt over søknadar til andre ordningar for prosjektet
  • oversikt over samarbeid med andre offentlege etatar, frivillige organisasjonar eller næringsdrivande

Elles gjer vi òg merksam på at:

  • søkar må være registrert i Frivillighetsregisteret i Brønnøysundregisteret. 
  • tiltaket må vere forankra i styret/organisasjonen
  • 75 prosent av innvilga beløp blir utbetalt ved tildeling og 25 prosent blir utbetalt etter godkjent sluttrapportering. Ein kan søke om fullfinansiering av prosjekta. Dugnad blir ikkje rekna som kostnad.

Saksbehandlingstid er inntil fire veker, frå første kvardag etter søknadsfristen. Kulturavdelinga vil fortløpande gjere vedtak om tildeling.

Vi kan kontrollere at vilkåra er oppfylt

Møre og Romsdal fylkeskommune kan gjennomføre kontroll om at vilkåra for tilskotet etter ordninga er oppfylt. Søkar plikter på førespurnad å legge fram alle opplysningar som er nødvendig for at fylkeskommunen kan gjennomføre ein slik kontroll.

Vi kan krevje tilskot tilbakebetalt

  • Tildelinga gjeld det som står i søknaden og vilkåra i tildelingsbrevet. Dersom tiltak i søknaden blir endra utan godkjenning kan vi trekke tildelinga tilbake. 
  • Dersom søkar gir ufullstendig eller feilaktige opplysingar i søknaden, og dette fører til at det blir utbetalt ugrunna eller for mykje, kan tilskotet heilt eller delvis bli kravd tilbake
  • Dersom fylkeskommunen utbetaler feil beløp skal det som eventuelt er utbetalt for mykje betalast tilbake. 
  • Dersom de ikkje oppfyller vilkår og rapporteringskrav kan vi trekke tilskotet tilbake. 

Rapport og rekneskap

  • Det må sendast inn rapport og rekneskap for bruk av tilskotet seinast tre månader etter at tiltaket er gjennomført.
  • Det er krav om føring og revisjon av rekneskap for tiltaket. Sluttrekneskapet skal vere kontrollert og signert av nokon som ikkje har vore delaktig i føringa av rekneskapen. Dette gjeld for tildelingar under 200 000 kroner årleg. 
  • For tildelingar over 200 000 kroner er det krav om autorisert revisor. Unntatt frå dette kravet er verksemder som bruker kommunerevisjon eller anna offentleg revisjonsorgan. 
  • All rapportering blir lagt fram for kultur-, næring- og folkehelseutvalet.

Vedtak om tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune er ikkje enkeltvedtak etter forvaltningslova. Det betyr at det ikkje er klagerett på dette vedtaket etter reglane i lova.

Det er eit krav at mottatt støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune skal synleggjerast i program, informasjonsdokument, rapportar og liknande. 

Det skal òg komme fram i årsmelding og eigen post i rekneskapen at det er mottatt tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Kontakt