Friluftslivets ferdselsårer er eit fleirårig prosjekt som er satt i gang av Klima- og miljødepartementet (KLD). Prosjektet starta i 2019. Prosjektet skal fremme planlegging, kartfesting, opparbeiding, og skilting og merking av samanhengande nettverk av ferdselsårer for friluftsliv.
Arbeidet med prosjektet består av tre fasar:
Kommunar
Kommunen kan søke økonomisk støtte for å gjennomføre fase 1 og 2:
Det er i tillegg satt av ressursar i kvart av de to friluftsråda i fylket som kan bidra inn i arbeidet. Desse kan hjelpe med:
Når planen er utarbeida, kan spelemidlar, tilskot til statleg sikring av friluftslivsområder (post 30) og tilskot til tiltak i statleg sikra friluftslivsområder (post 78) være aktuelle kjelder til finansiering av fase 3.
Kommunar som følger ein plan for friluftslivets ferdselsårer, vil bli prioritert i fordelinga av tilskot til friluftslivsanlegg.
Arbeidet skal skje i tråd med Miljødirektoratet sin rettleiar, Plan for friluftslivets ferdselsårer.
Satsinga er forankra i Nasjonal handlingsplan for friluftsliv (2018) og Stortingsmelding 2018 (2015-2016) Friluftsliv – Natur som kilde til helse og livskvalitet (alle lenker opnast i ny fane).
20. juni 2022
Støtteordninga opnar for nye søknadar 24. mai, i god tid før søknadsfristen 20. juni. Når ordninga er open kan du søke støtte via Regionalforvaltning, sjå lenke under. Her kan du òg følge med på saksbehandlinga.
For å få behandla søknaden din, må søknadsskjema i Regionalforvaltning fyllast ut.
Søknaden må i tillegg innehalde:
Dette kan leggast inn som vedlegg i søknaden.
Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune har normalt fire veker saksbehandlingstid for søknadar om tilskot, frå første yrkedag etter søknadsfrist. Målsetninga er likevel ei raskare saksbehandling.