Tilskot til etablering og utvikling av kommunale frisklivs-, lærings- og mestringstilbod

Tilskotet skal stimulere til utvikling av kommunale helse- og omsorgstenester som støttar opp under og realisera måla i samhandlingsreforma og NCD-strategien om å fremme fysisk og psykisk helse, førebygge sjukdom, bidra til meistring av sjukdom og til betra bruk av ressursar i den samla innsatsen i helse- og omsorgstenestene. Med atterhald om endringar i statsbudsjettet er ramma 1,6 mill. kroner.

Skriv ut

Formålet med ordninga er å stimulere kommunane til etablering og vidare utvikling av frisklivs-, lærings- og meistringstilbod som bidreg til å fremje helse og livskvalitet, førebygge sjukdom, tidleg intervensjon, og til at brukarane lærer å meistre livet med sjukdom.

Målgruppa er personar som har økt risiko for eller har utvikla samansette helseplagar og kronisk sjukdom, og som trenger hjelp til å endre levevaner og til å meistre livet med sjukdom og plager.

Kven kan søke?

Kommunane i Møre og Romsdal

Kva kan du søke tilskot til?

Du kan søke om tilskot til etablering og vidareutvikling av kommunale frisklivs-, meistring og læringstiltak.

Søknadsfrist: 

15. februar 2022

Korleis søker du støtte?

Når støtteordninga er open kan du søke støtte elektronisk, sjå søknadsboksen nedst på sida for mal for prosjektsøknad. Søknaden skal underteiknast av rådmann eller den som har mynde. Søknaden skal leggast ved som vedlegg i søknadsboksen under. 

I søknaden må det kome tydeleg fram korleis tildelingskriteria i regelverket, pkt. 7 (lenke opnast i ny fane) blir oppfylt.

_____________________________

Nyttig informasjon:

  • Søkjar pliktar til å gjere seg kjend med og fylgje regelverket for tilskotsordninga.
  • Tildeling av/avslag på tilskot er ikkje eit enkeltvedtak og ifølgje forvaltningslova § 28 er det dermed ikkje klagerett.
  • Kultur-, næring- og folkehelseutvalet skal behandle saka i møtet sitt i mars 2022.
  • Kommunar som fekk tildelt midlar i 2021 skal rapportera til Møre og Romsdal fylkeskommune innan 31. mars 2022. Mal for rapportering skal då nyttast. 

Dokumenter

Kontakt