Utviklingsstipend i tradisjonshandverk

Stipendet skal fremje utvikling i tradisjonshandverk innan bygningsvern og fartøyvern i Møre og Romsdal. Føremålet er å auke kompetansen innan antikvarisk restaurering og ivaretaking av immateriell kulturarv, gjennom dokumentasjon og utøving av eldre handverkstradisjonar. 

Skriv ut

Stipendet skal skape stoltheit og merksemd om den sentrale rolla tradisjonsberande handverkarar har i å ta vare på kulturminne og vidareføra den immaterielle kulturarven  i Møre og Romsdal til framtidas generasjonar. 

Stipendet er på 50.000 kroner. I 2022 er søknadsfristen 27. juni. 

Kven kan søkje?  

Profesjonelle handverkarar som arbeider med eller ønskjer å fordjupe seg i tradisjonelle handverksfag innan bygnings- og fartøyvern. Søkjar må bu og ha sitt virke i Møre og Romsdal fylke. 

Dette inkluderer profesjonelle handverkarar som arbeider med:

  • tradisjonshandverk
  • verktøymaking knytt til eldre handverksteknikkar 
  • dokumentasjon og formidling av immateriell kulturarv innan bygnings- og fartøyvern
  • kortreist materialproduksjon 

Det er krav om minimum fullført vidaregåande opplæring med fagbrev/sveinebrev, eller minst 5 års relevant arbeidserfaring. Berre enkeltpersonar kan søkje.  

Kompetansebygging av tradisjonshandverkarar i konkurranseutsette handverksbedrifter vil bli prioritert, men museumshandverkarar tilsett i regionmusea har også moglegheit til å søkje. 

Kva kan stipendet nyttast til og korleis blir desse prioritert?   

Stipendet skal gi profesjonelle handverkar moglegheit til utvikling gjennom kompetansehevande tiltak. Stipendet kan til dømes nyttast til dokumentasjon av eldre handverksteknikkar eller dekking av utgifter knytt til utprøving av teknikkar,  opplæring/hospitering eller kursing, inkludert kompensasjon for tapt arbeidsinntekt. 

Stipend vil bli prioritert til tradisjonshandverkarar som vil bruke stipendet i samanheng med konkrete istandsettingstiltak på verna eller freda kulturminne. I tillegg blir følgjande vektlagt: 

  • Søkjarar som er tidleg i karrieren  
  • Fagleg kompetanse og engasjement   
  • Dokumentert evne til å arbeide målretta over tid 
  • Deling av kunnskap og kompetanse med andre 
  • Ivaretaking av tradisjonelle handverkstradisjonar og kulturarv 

Det blir ikkje gitt stipend til gjennomføring av offentleg godkjent utdanning som gir rett til studielån. 

Korleis søker eg?   

Fyll inn søknadsskjemaet under med informasjon om søkjar og ei skildring av kva stipendet skal brukast til, og når stipendperioden er tenkt gjennomført. Legg ved bilete, lyd- og/eller videofiler, viss dette er relevant. 

Søknadsfrist 

27. juni 2022 

Utbetaling, rapportering og villkår for stipend 

Stipendet må brukast innan utgangen av 2023, og etter gjennomført stipendperiode må det innan 3 månadar sendast inn ein rapport. Rapporten skal vise korleis stipendet er brukt og kva slags resultat mottakaren har oppnådd i perioden. 

Stipendet kan krevjast tilbakebetalt om stipendmottakar ikkje kan dokumentere at tiltaket er gjennomført i samsvar med søknad og vilkår gitt i tildelingsbrevet. 

Vilkår for stipend 

Vilkår for stipendet er tilgjengeleg i denne lenka

Dersom du lurer på noko angåande søknaden, ta kontakt med Susanne Iren Busengdal. Sjå kontaktinformasjon under. 

Fyll inn søknad her: 

Utviklingsstipend i tradisjonshandverk
Til dømes bilete, lyd eller videofiler

Kontakt