Statlege arbeidsplassar bidrar til mangfald og stabilitet i arbeidsmarknaden, men Møre og Romsdal er av fylka i landet med færrast statlege arbeidsplassar. Difor arbeider fylkeskommunen aktivt for å få fleire statlege funksjonar til fylket. Fylkestinget vedtok i oktober 2021 at dette skal førast vidare som prosjekt i perioden 2022-2024.
Fylkestinget i Møre og Romsdal vil legge følgjande til grunn for arbeid med fleire statlege arbeidsplassar til Møre og Romsdal:
- Målet er å få lokalisert fleire statlege arbeidsplassar i Møre og Romsdal, ved å bidra til å:
- Sikre og utvikle dei statlege forvaltningsmiljøa som allereie er i fylket
- Lokalisere nye eller flytte eksisterande statlege funksjonar til Møre og Romsdal
- Skape nye statlege arbeidsplassar gjennom etablering av verksemder som løyser nye statlege tenestebehov
- Det skal leggast vekt på regionalpolitiske utfordringar og moglegheiter som grunngjeving for lokalisering av fleire statlege arbeidsplassar i Møre og Romsdal.
- Det skal leggast særlig vekt på dei regionalpolitiske utfordringene Kristiansund står overfor.
- Prosjektet skal ikkje bruke ressursar på flytting av statlege arbeidsplassar internt i Møre og Romsdal.
- Prosjektet blir organisert som ein del av programmet Møre og Romsdal 2025, og vil arbeide og rapportere etter dei strukturane som gjeld der.
Prosjektet skal jobbe i tett dialog med politisk leiing i regionråda, statsetatane i fylket, aktuelle departement og direktorat, stortingspolitikarar frå Møre og Romsdal med fleire.