Skaparkraft - program for langsiktig omstilling av næringslivet

Formålet med Skaparkraft er å styrke eksportnæringane i fylket og stimulere til utvikling av nye næringar gjennom ei satsing på grøne industrielle løft, kompetanse, teknologi og energi. Det langsiktige målet er auka berekraftig eksport frå Møre og Romsdal. 

  • Klimakrisa, naturkrisa og pandemi gjer at marknadane endrar seg på  ein måte som gjer at grunnleggande omstillingar er nødvendig
  • Digitalisering og berekraft er sterke drivarar for innovasjon. Berekraftige løysingar er heilt grunnleggande for korleis vi innrettar samfunna og verksemdene våre framover
  • Møre og Romsdal har landets høgaste eksport per sysselsett, men Noreg sin eksport veks sakte samanlikna med våre naboland i Europa. Konkurransekrafta for eksport i åra som kjem må skapast med grøne løysingar
  • Regionen er i starten av større strukturelle endringar der m.a. olje og gass vil bli gradvis fasa ned. Grøn omstilling, sirkulærøkonomi og fornybar energi i kombinasjon med smart teknologi vert sentralt i arbeidet

-> Auka konkurransekraft i eksisterande næringar og bidra til at nye næringar blir skapt.
-> Regionen trekker til seg meir kompetanse og kapital.
-> Regionen blir meir attraktiv for nye arbeidstakarar
-> At utdannings- og forskingsmiljøa styrkar kapasitet og kunnskap som støttar opp under fornying i næringslivet
-> Innovasjonsmiljøa styrkar sin kompetanse og gjennomføringskraft
-> Meir samarbeid om innovasjon og utvikling på tvers av fag, bransje, sektor og geografi

Skaparkraft er delt inn i fire delprogram:  

Skal vi oppfylle klimamåla i Parisavtalen, må vi innrette både samfunn og verksemder med berekraftige løysingar. For industrien betyr det at konkurransekrafta må skapast med grøne løysingar. Regionen er i starten av større strukturelle endringar der blant anna olje og gass gradvis vil bli fasa ned. Næringslivet i Møre og Romsdal har stor evne til omstilling og vil spele ei nøkkelrolle i det grøne skiftet. Utvikling og kommersialisering av nye løysingar treng forsking (FoU), kapital og samarbeid med det offentlege.

Fylkeskommunen ønskjer å legge til rette for at bedriftene investerer i grøne, berekraftige løysingar og produkt som kan kommersialiserast globalt. Miljøvennleg transport, produksjon og sirkulærøkonomi er eksempel på område som har potensial for verdiskaping og eksportinntekter. 

Kontaktperson for delprogram Grøne industrielle løft: Martin Ose

Fylkeskommunen har det overordna ansvaret for kompetansepolitikken i regionen. 

Kompetansepolitikken er den samlede politikken for utvikling, mobilisering og anvendelse av kompetanse i hele det norske samfunns- og arbeidslivet. Kompetansepolitikken skal bidra til innovasjon, produktivitet og konkurransekraft i arbeidslivet, velferd og fordeling i samfunnet og utvikling og mestring for den enkelte.» (Nasjonal kompetansepolitisk strategi 2017-2021).

For å kunne nå måla i kompetansepolitikken, er ein gjensidig avhengig av andre politikkområde som utdannings-, arbeidsmarknads-, integrerings- og distrikts- og regionalpolitikken. Fylkeskommunen sitt ansvar for kompetansepolitikk krev derfor at fylkeskommunen jobbar langs mange aksar.

Fylkeskommunen skal utarbeide ein kompetansestrategi for Møre og Romsdal i samarbeid med partane i arbeidslivet, utdanningsinstitusjonane og frivillig sektor. Kompetansebehov i næringslivet og utdanningstilbod på alle nivå i utdanningssystemet må henge saman.

Kontaktperson for delprogram Kompetanse i og for næringslivet: Øyvind Tveten

Bedriftene si evne til å utvikle og bruke avansert teknologi vil ha stor innverknad på konkurransekrafta og moglegheit for vekst. Introduksjonen av smart teknologi i produksjonsprosessar vil truleg utgjere ein av dei viktigaste endringar i industrien over dei neste tiåra. På den måten kan bedrifter og kommunar fornye produksjon og produkt, auke produktiviteten, redusere kostnadane og raskare nå ut til kundar og brukarar.

I fleire samanhengar kan teknologi og nye løysingar nyttast på tvers av fag, bransjar og sektorar, som for eksempel transport på sjø. Nye løysingar krev høg grad av forsking og utvikling, tverrfagleg tilnærming og støtte frå offentlege verkemiddel. 

Ved campusane finst ulike innretningar til bruk i innovasjonsprosessar i bedrifter og i kommunar. Med blant anna digitale tvillingar, verktøy for simuleringar, virtuell prototyping og 3D-printing, kan ein teste nye løysingar før dei vert tekne i bruk. 

Kunnskap frå data som blir produsert og samla inn vil i seg sjølv gi grunnlag for nye og forbetra produkt og tenester, og kan også gi nye forretningsmoglegheiter. Måten vi organiserer verksemdene og driv forretning på må tilpassast endringane i teknologi og marknader. Endra fokus, frå berre å levere produkt til å yte tenester i eit produkt sitt livsløp, blir vanlegare. Digital teknologi og kommunikasjonsverktøy gir nye moglegheiter til å nå ut til kundar og brukarar. Samstundes reiser digitaliseringa nye utfordringar knytt til korleis ein skal organisere og leie verksemder, kommunisere og samarbeide med andre.

Energi, fornybar energi, sikker energitilgang og ein godt utbygd infrastruktur er avgjerande for verdiskapinga og utviklinga av Møre og Romsdal. Petroleum er i dag den største verdiskapingsdrivaren i Noreg og har ei sentral rolle i verdiskaping og sysselsetting. Næringa er under eit klimapress og må tilpassa seg ei ny verkelegheit. EU set alt fleire klimakrav til selskap som skal eksportere varene og tenester i EU-marknaden. 

I klimameldinga blir det peika på at krav om reduserte utslepp gjennom verkemiddel som avgifter på utslepp gjer store moglegheiter for ulike næringar, særleg innan eksport. Samstundes må det sikrast at næringane i regionar med svakt kraftnett og elles lite utbygd infrastruktur og tilgang til lav og nullutsleppsløsingar ikkje kjem i ein skvis med alt høgare avgifter for bruk av fossil energi.

Utbygginga og tilgang til fornybar energi må få fart og kraft skal vi ha eit globalt konkurransedyktig næringsliv i åra som kjem. Møre og Romsdal har naturgitte, teknologiske og kompetansemessige føresetnader for å eksportere grøne løysningar som karbonfangst, -utnytting og -lagring (CCUS), havvind, blå og grøn metanol og hydrogen, bioenergi med meir. Parallelt må vi og ha fokus på petroleumsnæringa som utgjer det største inntektsgrunnlaget for Noreg og ein stor del av sysselsettinga i fylket. Vi må legge til rette for å møte framtidas klimakrav, slik at vi samla får ei positiv samfunnsutvikling i regionen.

Kontaktperson for delprogram Energi: Bengt Endreseth

Kontakt