Interessentar og roller

Fylkeskommuen har fleire roller

Fylkeskommunen bidrar til å styrke eksportbedriftenes konkurranseevne på fleire måtar:

  • Fylkeskommunen er ein næringspolitisk aktør og ansvarleg for den regionale næringspolitikken. Vi kan gjennom samarbeid, regionalt og nasjonalt, utøve påverknad på sentrale myndigheiter i næringspolitiske spørsmål.
  • Fylkeskommunen er ein aktør på kompetanseområdet, og eig og driv vidaregåande skolar, fagskolar og etter- og vidareutdanning. Fylkeskommunen har også eigarskap i dei regionale forskingsinstitusjonane, og er ein aktiv medspelar for utvikling av både forskingsmiljøa og høgare utdanning i fylket.
  • Fylkeskommunen rår over betydelege økonomiske verkemiddel, direkte og som oppdragsgivar for Innovasjon Norge og Siva. Omlag 20 - 25 prosent av verkemidla blir styrt av regionale myndigheiter.
  • FORREGION og Regionalt forskningsfond Møre og Romsdal er verkemidlar som mobiliserer til og støttar forskingsbasert innovasjon i næringslivet og kommunesektoren. Fylkeskommunen forvaltar desse ordningane.
  • BIO-ordninga støttar bedrifter i omstilling med opplæringsmidlar for å motverke utstøyting frå arbeidslivet. Fylkeskommunen forvlatar denne ordninga.
  • Fylkeskommunen er også ein kommersiell oppdragsgivar og innkjøpar, særleg innanfor samferdsel og bygg/anlegg. Her har fylkeskommunen moglegheit for å fremje innovasjon gjennom leverandørutvikling og innovative innkjøp.
  • Fylkeskommunen er eiger og medeier i mange bedrifter/selskap i fylket​
  • Fylkeskommunen har fasiliteringsrolle overfor næringsklynger, innovasjonsselskap og andre næringsaktørar

Næringsklyngene som bindeledd

Klyngene er eit viktig bindeledd mellom myndigheiter/verkemiddelaktørar og enkeltbedrifter. Tre klynger med GCE/NCE-status har hovudsete i Møre og Romsdal: GCE Blue Maritime (maritim), NCE Blue Legasea (biomarin og sjømat) og NCE iKuben som tverrindustriell klynge og nasjonalt kompetansesenter for innovasjon og omstilling. I tillegg finst møbelklynga Norwegian Rooms (ikkje lenger deltakar i det nasjonale klyngeprogrammet), samt ei klynge av servicebedrifter innanfor havbruk som node under NCE Aquatech Cluster.