Skaparkraft - 10-årig eksportsatsing

Skaparkraft er Møre og Romsdal fylkeskommunes 10-årige program for å styrke eksportnæringane i Møre og Romsdal. Her samarbeider offentlege aktørar, næringslivet og verkemiddelapparatet for å auke eksporten av berekraftige løysingar og produkt. 

Formålet med Skaparkraft er å styrke eksportnæringane i fylket og stimulere til utvikling av nye næringar gjennom ei satsing på grøne industrielle løft, smart teknologi, fornybar energi og kompetanse i og for næringslivet. Næringssjefen presenterer ordninga her:

Møre og Romsdal har enno landets mest eksportretta næringsliv per sysselsett, men denne posisjonen er under press. Næringslivet er hardt råka av koronapandemien i Kina, klima og naturkrisa og krigen i Ukraina. Det er krevjande å halde eksportkanalar opne i verdshandelen. Varetransporten har stoppa opp mange stadar, og det er stor mangel på råvarer og ulike innsatsfaktorar til mange bransjar. Energimangelen i Europa som følge av krigen gjer at satsinga på fornybare energikjelder må akselerere. Vi står overfor store behov for frigjering av energi gjennom energieffektivisering, omlegging frå fossil til fornybar energi, utvikling av ny fornybar energiproduksjon og utbygging av infrastruktur for lav- og nullutslepp energiløysingar.

Omstillingsbehovet i næringslivet har vorte endå meir forsterka siste året. Bedriftene si evne til å utvikle og bruke avansert teknologi og fornybare energikjelder vil ha stor innverknad på konkurransekrafta og moglegheit for vekst i åra som kjem.

-> Auka berekraftig eksport i Møre og Romsdal
-> Regionen trekker til seg meir kompetanse og kapital
-> Regionen blir meir attraktiv for nye arbeidstakarar

Skaparkraft er delt inn i fire delprogram:  

Møre og Romsdal er eit av dei vikgitaste industrifylka i Noreg og har landets mest eksportretta næringsliv. Vi er heilt avhengige av næringslivet, og av at dei lykkast med den grøne omstillinga. 

Fylkeskommunen ønskjer å legge til rette for at bedriftene investerer i grøne, berekraftige løysingar og produkt som kan kommersialiserast globalt. Miljøvennleg transport, produksjon og sirkulærøkonomi er eksempel på område som har potensial for verdiskaping og eksportinntekter. 

Grøne industrielle løft er tilskotsmidlar til utviklingsprosjekt der aktørar som bedrifter, klynger, forskingsmiljø, investorar og andre i fellesskap utforskar og identifiserer moglegheiter for nye industrielle løft med eksportpotensial i Møre og Romsdal. Dette er løysingar som kan vidareutvikle eksisterande verdikjeder, utvikle nye verdikjeder og skape sirkulære industrielle samspel.

Søk støtte til Grøne industrielle løft

Kontaktperson for delprogram Grøne industrielle løft: Martin Ose

Bedriftene si evne til å utvikle og bruke avansert teknologi vil ha stor innverknad på konkurransekrafta og moglegheit for vekst. Auka bruk av smart teknologi i industrien vil vere viktig for å fornye produksjon og produkt, auke produktiviteten, redusere kostnadane og raskare nå ut til kundar og brukarar.

Ved campusane finst ulike innretningar til bruk i innovasjonsprosessar. Med blant anna digitale tvillingar, verktøy for simuleringar, virtuell prototyping og 3D-printing, kan ein teste nye løysingar før dei vert tekne i bruk. 

Tilskotsmidlar skal bidra til at næringslivet får tilgang til kompetanse og testinfrastruktur på smart teknologi. 

Fristen for å søke støtte til smart teknologi i 2022 er gått ut. Ny utlysing blir publisert på mrfylke.no/tilskot.  

Kontaktperson for delprogram Smart teknologi: Martin Ose

Satsinga skal bidra til at næringslivet får tilgang til fornybar energi og infrastruktur. Gjennom samarbeid med ulike aktørar jobbar vi med prosjekt som skal føre til økt produksjon og bruk av fornybar energi. Arbeid med utarbeiding av plan for ladepunkt og energistasjonar i Møre og Romsdal er satt i gang.

Søk støtte til fornybar energi

Kontaktperson for delprogram Energi: Bengt Endreseth

Fylkeskommunen har det overordna ansvaret for kompetansepolitikken i regionen. Kompetansepolitikken er den samlede politikken for utvikling, mobilisering og anvendelse av kompetanse i hele det norske samfunns- og arbeidslivet. Kompetansepolitikken skal bidra til innovasjon, produktivitet og konkurransekraft i arbeidslivet, velferd og fordeling i samfunnet og utvikling og mestring for den enkelte.» (Nasjonal kompetansepolitisk strategi 2017-2021).

Fylkeskommunen har tilskotsmidlar til utvikling av nye utdanningstilbod. Vi arbeider også med ein kompetansestrategi for Møre og Romsdal saman med partane i arbeidslivet og utdanningsinstitusjonane. Kompetansebehov i næringslivet og utdanningstilbod på alle nivå i utdanningssystemet må henge saman.

Søk støtte til forprosjekt nye utdanningstilbod

Kontaktperson for delprogram Kompetanse i og for næringslivet: Øyvind Tveten

Kontakt