Volda og Ørsta satsar på lokalmat, snart skal dei servere kortreiste grønsaker

Forsøket med å ta i bruk meir lokalprodusert mat var vellukka og til inspirasjon. No tar Volda kommune regien for eit prosjekt der målet er meir kortreist mat inn i kjøkkena på institusjonane.

Skriv ut
  • I ein serie artiklar skriv vi om Berekraftfylket Møre og Romsdal
  • Skal vi nå FN sine berekraftmål om å utrydde fattigdom, motverke ulikheit og stoppe klimaendringane innan 2030, må vi ta tak på heimebane; innbyggarar, bedrifter, kommunar, fylkeskommune og Staten
  • Vi skriv om noko av det som er gjort, og kva som skal gjerast
  • Berekraftfylket Møre og Romsdal er eit initiativ frå Møre og Romsdal fylkeskommunen om ei felles regional satsing på berekraft
  • Målet er at satsinga innan 2030 skal bidra til eit koordinert og metodisk krafttak for å nå FN sine 17 berekraftsmål
  • Alle kommunar i fylket er med i satsinga og har kartlagt status på berekraft gjennom FN-programmet U4SSC – United for Smart Sustainable Cities
  • Møre og Romsdal fylkeskommune har valt ut seks satsingsområde:
    1. Sirkulær økonomi
    2. Smart og berekraftig vann- og avløp
    3. Lokalmat og mattryggleik
    4. Fattigdom og sosial inkludering
    5. Digitalisering av offentleg sektor
    6. Byggsertifisering

Kommunedirektør Rune Sjurgard i Volda snakkar med begeistring om lokalmatprosjektet dei no prøver å dra i gang:

- Får vi dette opp å stå, så kan vi kanskje få ein lokalmarknad som fungerer ut over Volda og Ørsta, seier Sjurgard. For han røper lenger ute i intervjuet at dei tenker nasjonalt.

Berekraft i sentrum

Bakgrunnen for satsinga på lokalmat handlar om klima og berekraft:

- Utgangspunktet er at FN sine berekraftsmål skal vere førande for all planlegging og for alle verksemder i det offentlege framover. Vi skal redusere klimaavtrykket - det er mykje mat som blir frakta rundt i verda og som set betydelege klimaavtrykk, seier han.

Draghjelp av Mattorget

Volda kommune fekk draghjelp og interesse i samband med Tor Kristian Stevik si etablering av Mattorget i Volda. Då kom også lysta til å prøve.

- Vi blei vekte med den lokale kompetansen som vi fekk gjennom oppstarten av Mattorget. Då Stevik og Volda kommune kom i kontakt, blei vi einige om å prøve oss på eit pilotprosjekt med lokalmat på institusjonskjøkkenet og Høgskolen i Volda si kantine. Særleg var det omsorgssenteret vårt som brukte det mest.

Sjølv om det berre var ein forsiktig start, og i småskala, blei pilotprosjektet tatt godt imot.

- Det ga ikkje ein stor effekt, men det var ein test på å prøve det ut og å prøve det innafor grensene vi har – vi skulle ikkje handle utanfor rammeavtalene vi har, seier Sjurgard.

Vil gjere det større

Med gode medarbeidarar som er bevisste, og ein kjøkkensjef som er ein god administrator, kom tanken om å ta prosjektet vidare og gjere det større:

- Det var ein sped start, men så kom Møre og Romsdal som berekraftsfylke rullande innover. Då begynte vi å sjå på kva vi kan gjere her i Volda og at «kanskje kan vi etablere eit nasjonalt konsept?». Vi ser vel eigentleg for oss det, særleg no i dag når vi har fått krig i Europa og vi diskuterer om vi eigentleg har god nok matforsyning og om vi er sjølvforsynte, noko vi jo ikkje er.

Berekraft på fleire nivå

Han ser berekraft på fleire område dersom Volda kommune lukkast med satsinga på lokalmat:

- Vi har framleis ein landbruksinfrastruktur og moglegheit til å dyrke mat lokalt. Her er berekraftsdimensjonar i økonomien, og då tenker ein breiare samfunnsøkonomi. Lokal matproduksjon gir næring for folk med inntekter på landbruk. Det styrker det lokale næringslivet. Vi tenker og på god helse og sunn mat – kortreist mat. Og det sosiale. Dette gir og eit grunnlag for arbeid for folk som treng tilrettelegging på ein eller annan måte. Det kan vere i samband med distribusjon, lager for maten, og i sjølve produksjonen, seier Sjurgard.

- Basisen er å styrke miljøet. Ein slepp å drive transport av mat rundt omkring over heile kloden, for å sette det på spissen.

Rammeavtalar i dag

Kor mykje av dagens innkjøp i Volda kommune som kan gjerast lokalt, er eitt av spørsmåla som prosjektet skal greie ut.

- Så lenge vi opererer med rammeavtalar på eit visst volum, så er vi nøydd til å sjekke det opp i mot innkjøpsregelverket, og korleis vi skal organisere det. Men vi er inne i eit forprosjekt der vi skal få bygd opp ein kunnskapsbase. Det kan danne grunnlag for å gå vidare med eit hovudprosjekt for å prøve ut ein modell.

Utfordringane

- For å lukkast; kva er utfordringa?

- Det viktigaste er engasjement, ikkje berre hos oss i Volda kommune, men også samarbeidspartnarar. Det er gjort eit forarbeid og vi har hatt ein dialog med ulike partnarar, både produsentar og leverandørar. Og også distribusjonen i verna bedrift, blant anna.

- Så trur eg at det er viktig med forankring. Vi har heldigvis god støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Og det er viktig å forankre det i Direktoratet for forvaltning og økonomistyring – kanskje også hos andre i Staten. Vi treng litt oppbakking, for dette er upløgd mark, sjølv om eg veit at det blir jobba med slike tankar i andre fylke og kommunar. Men eg trur ikkje at dei har kome så langt som oss, seier Sjurgard.

Oppstart i Volda

Han seier at planen er at prosjektet skal startast opp i Volda.

- I utgangspunktet startar vi i Volda, men vi har felles landbrukskontor med Ørsta, slik at Ørsta er kopla på allereie. Men eg tenker vi må utvide og tenke eit større område.

I utgangspunktet er det snakk om innkjøp av grønsaker.

- Men dersom det er ein modell vi lukkast med, så kan vi utvide til å tenke andre typar landbruksprodukt. Og kanskje kan vi utvide til fleire kantiner, slik at Staten, fylke og kommunar kan bruke innkjøpsmakta si, seier kommunedirektør Rune Sjurgard.

- Men dette må selgast inn; vi må få ambassadørar og aktørar som brenn for dette, så alle veit kva ein pratar om.

 

Ønsker du å abonnere på vårt nyheitsbrev? Registrer deg her.

Kontakt