Vedtok strategi for seriøst arbeidsliv

No er det vedtatt korleis Møre og Romsdal fylkeskommune skal arbeide vidare for eit seriøst arbeidsliv.

Skriv ut

Fylkestinget vedtok tysdag fylkesstrategi for seriøst arbeidsliv, og Møre og Romsdal-modellen.

Fylkesstrategien legg føringar for korleis fylkeskommunen som ein stor regional offentleg oppdragsgivar og regional utviklar skal arbeide med utfordringa. Dessutan korleis vi skal nå dei måla vi sett for oss sjølv og som vi ønskjer og skal gjelde for regionen. Strategien dannar  grunnlaget for vidare arbeid med seriøst arbeidsliv i Møre og Romsdal.

Fremme anstendig arbeidsliv

Møre og Romsdal-modellen er krav som fylkeskommunen skal stille i sine kontraktar for å fremme eit anstendig arbeidsliv i tråd med FN sitt berekraftsmål nr. 8. Strategien og modellen er oppfølging av vedtak gjort i fylkestinget i 2021.

Fylkesstrategien er ein del av Fylkesplan for berekraftfylket Møre og Romsdal 2021-2024.

Møre og Romsdal fylkeskommune har, som offentleg oppdragsgivar, eit særskilt ansvar for å arbeide for eit seriøst arbeidsliv og mot arbeidslivskriminalitet og gjennom dette motvirke sosial dumping. Gjennom lov om offentlege anskaffingar er fylkeskommunen pålagt å stille krav i enkelte kontraktar.  Både å stille krav til løn- og arbeidsvilkår og følgje desse opp gjennom nødvendig kontroll, men og å stille krav til lærlingar, skatteattest og avgrense ledd underleverandørar.

Stiller krav utover det lovpålagde

Fylkeskommunen vil gjennom Møre og Romsdal-modellen stille krav utover det som er lovpålagt, både gjennom å stille krav i fleire kontraktar enn det som er lovpålagt, og å stille fleire krav enn det som er lovpålagt.

Møre og Romsdal fylkeskommune vil arbeide for eit trygt og godt arbeidsliv for alle og redusere risikoen for arbeidslivskriminalitet og sosial dumping.

Snarvegar

Kontakt