Vedlikehaldsetterslepet aukar på fylkesvegane
I framlegget til økonomiplan 2023-2026, er det for 2023 sett av om lag 650 mill. kroner til drift og vedlikehald av fylkesvegane i Møre og Romsdal. Dette er ca. 200 mill. kroner mindre enn det som skal til for å unngå at vedlikehaldsetterslepet aukar også neste år.
Det kjem fram i ei orienteringssak som skal opp i samferdselsutvalet 30. november. Det har over tid oppstått eit betydeleg forfall på fylkesvegnettet i Møre og Romsdal. Kartlegging frå 2019 viser at vedlikehaldsetterslepet i Møre og Romsdal har auka frå 5,6 milliard kroner i 2013 til 8,6 milliard kroner i 2019 (10,9 mrd. kroner inkludert veglys).
Behovet aukar kvart år
Behovet er ei årleg løyving på om lag 860 mill. kroner til drift og vedlikehald for at vedlikehaldsetterslepet ikkje skal auke. Dei estimerte kostnadene omfattar berre tiltak for å fjerne forfall, inkludert nødvendige oppgraderingstiltak for å tilfredsstille nye krav, som til dømes til tunnelsikkerheit. Forfallet er den fysiske tilstanden til det enkelte vegobjektet og vedlikehaldsetterslepet er kostnaden for å fjerne forfallet.
Forfallet er eit resultat av fleire forhold, men hovudsakeleg skuldast det at omfanget av vedlikehaldstiltak ikkje har vore tilstrekkelege for å oppretthalde tilstanden på eit akseptabelt nivå. Det har ikkje vore sett av nok midlar til vedlikehald i dei årlege budsjetta til å hindre at forfallet stadig har auka.
Konsekvensar
Konsekvensane av forfallet er mange og samansette, avhengig av kva vegobjekt det er knytt til og kor på vegnettet det er. Noko er kritisk for samfunnet, anten ved at menneske i auka grad blir utsett for risiko, eller ved at veglenkjer blir stengt med påfølgande konsekvensar for næringsliv, arbeidsreiser eller skolegang. Andre forhold er ikkje kritiske, men gir auka kostnader for samfunnet.
Budsjettforslaget for 2023 medfører at avviket mellom tilgjengelege rammer og behovet, mellom anna som følgje av prisvekst, er vesentleg større enn i 2022. Behovet er over 200 mill. kroner i auka løyving dersom vedlikehaldsetterslepet ikkje skal auke. Det er verd å merke seg at det over fleire år er gjennomført kutt i dei eksisterande kontraktane, som i hovudsak går ut over planlagt vedlikehald, for å halde kostnadsnivået nede og innanfor vedtekne rammer. Konsekvensen av dette er at det blir gjennomført langt mindre vedlikehaldstiltak enn det er behov for og etterslepet aukar.
Gjerast mykje godt arbeid
Sjølv om etterslepet veks kvart år og den økonomiske situasjonen er krevjande, så gjerast det mykje godt vedlikehaldsarbeid for midlane som er tilgjengelege. Det jobbast aktivt med kostnadseffektivisering i kontraktar for å utnytte kvar krone best mogleg. Arbeidet med kontraktar tydar på at fylkeskommunen har førebudd konkurransegrunnlaga på ein forståeleg måte og legg til rette for riktig prising, samt at det settast vesentleg strengare krav til klimagassutslepp. Dette gjeld mellom anna for køyretøy i nye driftskontraktar, utsleppskrav knytt til tunnelvask og auka fokus på klima i produksjon og utlegging av asfalt.
Til dømes blir det forska på innblanding av biogene oljar (frå skog) i asfaltproduksjonen. Dette er testa på prøvestrekningar med godt resultat. Dette er no i startfasen, og i åra som kjem vil vi sjå store endringar både i produksjon og transport av asfalt, som i sum vil redusere klimaavtrykket vesentleg.
Møre og Romsdal fylkeskommune har mål om å vere klimanøytralt i 2030. Vegdrift inngår no kontraktar som varer fram mot og lenger enn 2030. Trass gode tiltak for å redusere utsleppa, som for eksempel krav til elektriske ledebilar og mannskapsbilar, er det lite truleg at vi kan oppnå det ambisiøse målet. Ein av grunnane til dette er at maskinleverandørane så langt ikkje har utvikla utstyr med 0-utslepp som kan erstatte fossildrivne maskiner. Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer å vere i front på dette området og klimakrava kjem til å bli oppdatert dei komande åra.