Tre trafikktryggingsprosjekt startar i sommar

Møre og Romsdal fylkeskommune gjennomfører tre trafikktryggingsprosjekt gjennom Bypakke Ålesund i 2022. Det er skrive kontrakt med ACO Anlegg AS om bygginga.

Skriv ut

- Dette er enkle tiltak, men med stor effekt på tryggleiken og framkomsten til innbyggarane, spesielt for dei som går og syklar. For oss er dette startskotet på bygginga i Bypakke Ålesund. Dei neste åra skal vi bygge prosjekt i alle storleikar gjennom bypakken, seier prosjektleiar Torbjørn Vatnehol i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Dette er trafikktryggingsprosjekta

 

Olsvika: Alvikvegen og Brusdalsvegen

  • Oppstramming av kryss
  • Flytting og forbetring av overgangar
  • Betring av lysforholda ved utskifting av lysarmaturar og lysmaster

Fv. 6210 Blindheimsbreivika

  • Oppstramming av kryss
  • Flytting og forbetring av overgangar
  • Intensivbelysning av overgang ved Shell Vegsund

Fv. 536 Gåseid, Kryss mellom Borgundvegen og Grønvika

  • Oppstramming av kryss
  • Flytting og forbetring av overgangar
  • Forbetre belysning ved overgang og busslomme

- Vi startar på Gåseid no i juni, så blir det oppstart i Blindheimsbrevika og Olsvika i august, fortel prosjektleiaren.

Trygt og effektivt inn i framtida

Bypakke Ålesund er eit samarbeid mellom Ålesund kommune, Statens vegvesen og Møre og Romsdal fylkeskommune, som skal ruste Ålesund for framtida med trygge og meir effektive samferdselsløysingar. Møre og Romsdal fylkeskommune er byggherre for ei rekkje prosjekt i bypakken. Dei største prosjekta er kollektivknutepunktet i Ålesund sentrum og fv. 60 Blindheim- Flisnes.

Kontakt