Tilrår å slutte opp om Orkdalspakken
Fylkeskommunedirektøren tilrår at Møre og Romsdal fylkeskommune sluttar seg til at Orkdalspakken blir delvis finansiert av bompengar og bidrar med ein del av kostnaden til eit forprosjekt.
For å komme vidare i prosjektet er det no behov for avklaring om ambisjonsnivå i vidareføring av Orkdalspakken, bompengeandel, kostnadsfordeling samt vurdering av utgreiingar i forprosjekt som grunnlag for reguleringsplanlegging.
Viktig prosjekt
Dei aller fleste av vegstrekningane i Orkdalspakken er i Trøndelag, og inkluderer utbetring av fv. 710 Gjølme-Valset, fv. 65 Orkanger-Storås-Skei, fv. 701 Storås-Meldal og fv. 700 Meldal-Berkåk.
Fv. 65 frå Surnadal til Bårdshaug/Orkanger er om lag 81 km lang og knytt Surnadal til både Orkanger (E39) og til Berkåk (E6) via fv. 700/701. Vegen er viktig for næringstransport frå Surnadal. Om lag 21 km av strekninga er i Møre og Romsdal.
Totale kostnader til oppstart og forprosjekt er om lag 2 millionar kroner. Desse kostnadene er foreslått fordelt 50/50 mellom Trøndelag fylkeskommune og kommunane/Møre og Romsdal fylkeskommune. Møre og Romsdal fylkeskommune sin andel er 300.000 kroner.
Trøndelag utarbeider forprosjektet
Fylkeskommunedirektøren meiner det er viktig at Møre og Romsdal fylkeskommune sluttar opp om vidare arbeid med Orkdalspakken og tilrår at fylkestinget gjer prinsippvedtak om bompengar, og meiner kostnadsfordelinga som er skissert er rimeleg.
Trøndelag fylkeskommune vil stå for utarbeiding av forprosjektet. Føringar kan bli gitt frå styringsgruppa undervegs. Ferdig prosjektrapport blir lagt fram for politisk behandling i fylkeskommunar og kommunar hausten 2023. Leiar av samferdselsutvalet og fylkesvegsjefen representerer Møre og Romsdal fylkeskommune i styringsgruppa.
Saka skal opp i samferdselsutvalet 30. november og i fylkesutvalet i januar.