Stensønes midlertidig leiar av kultur-, næring- og folkehelseutvalet

Henrik Stensønes (Sp) blir frå august midlertidig leiar av kultur-, næring- og folkehelseutvalet.

Skriv ut

Stensønes overtar for Marit Nerås Krogsæter (Sp), som i perioden 05.08.2022 – 05.01.2023 er innvilga fritak grunna svangerskap. 

Marit Nerås Krogsæter har fått fritak frå verva som medlem i fylkestinget, medlem og leiar i kultur-, næring og folkehelseutvalet, medlem i utbyggingsutvalet for bygg- og vegsaker og 1. varamedlem til fylkesutvalet/klagenemnda/fylkesvalstyret. 

  • I fylkestinget vil 1. varamedlem Odd Helge Gangstad rykke opp som medlem
  • Henrik Stensønes (Sp) blir ny leiar i i kultur-, næring og folkehelseutvalet
  • 1. varamedlem Odd Helge Gangstad (Sp) blir settemedlem i kultur-, næring og folkehelseutvalet
  • 1. varamedlem Harry Valderhaug (KrF) blir settemedlem i utbyggingsutvalet for bygg- og vegsaker

Fylkestinget vedtok også at Victoria Smenes (Sp) får midlertidig fritak i perioden 29.08.2022 - 31.12.2022 for verva som medlem i fylkestinget og som medlem  i kultur-, næring- og folkehelseutvalet.

  • 1. varamedlem Per Ståle Tornes (KrF) rykker opp som medlem av fylkestinget
  • Varamedlem Ingunn Karijord (KrF) blir settemdlem i kultur-, næring og folkehelseutvalet

Valga var einstemmig.