Starta smart brukthandel, Kirppis planlegg nye butikkar rundt i fylket

Då Marte Drejer Haldorsen skulle kjøpe dobbelt sett brukte støvlar til tre av barna sine, såg ho kva som mangla: Ein butikk der ho enkelt kunne kjøpe og selje brukte ting.

Skriv ut
  • I ein serie artiklar skriv vi om Berekraftfylket Møre og Romsdal
  • Skal vi nå FN sine berekraftmål om å utrydde fattigdom, motverke ulikheit og stoppe klimaendringane innan 2030, må vi ta tak på heimebane; innbyggarar, bedrifter, kommunar, fylkeskommune og Staten
  • Vi skriv om noko av det som er gjort, og kva som skal gjerast 
  • Berekraftfylket Møre og Romsdal er eit initiativ frå Møre og Romsdal fylkeskommunen om ei felles regional satsing på berekraft
  • Målet er at satsinga innan 2030 skal bidra til eit koordinert og metodisk krafttak for å nå FN sine 17 berekraftsmål
  • Alle kommunar i fylket er med i satsinga og har kartlagt status på berekraft gjennom FN-programmet U4SSC – United for Smart Sustainable Cities
  • Møre og Romsdal fylkeskommune har valt ut seks satsingsområde:
    1. Sirkulær økonomi
    2. Smart og berekraftig vann- og avløp
    3. Lokalmat og mattryggleik
    4. Fattigdom og sosial inkludering
    5. Digitalisering av offentleg sektor
    6. Byggsertifisering

No har gründeren drive brukthandelen Kirppis i Elnesvågen i halvanna år, og planlegg å opne nye utsal rundt om i fylket.

Vi møter ho i butikken like før opning. Inne i butikken ved Bølgen kjøpesenter i Elnesvågen er det reolar bygd i tre. I hyllene har kundar på sine «stands» lagt brukte ting – først og fremst klede – som dei vil selje. Ein god pris, i god stand, reint, pent og ryddig. Og ikkje luktar det brukthandel i det romslege lokalet.

Brukt er det nye nytt!

På veggen over kassa står det «Brukt er det nye nytt». Det er det stadig fleire som oppdagar. Mottakinga har vore over all forventning, fortel ho.

- Det er heilt overveldande – kjempeartig, rett og slett! Folk kjem frå ulike plassar hit til oss og seier at «Dette er så bra!» og «Dette er favorittbutikken min!», «Håper de kjem fleire plassar!», seier Haldorsen.

På spørsmål om kvifor ho starta Kirppis, seier ho at det først og fremst handla om eigne behov:

- Det starta med å ha eit personleg ønske om å velje brukt, og til heile familien. Det gjekk greitt då eg hadde eitt barn, men så kom nummer to og tre. Då eg ein vår skulle kjøpe nye støvlar til ungane – dobbelt sett, fordi eg også skulle ha til barnehagen – blei det litt heftig med handel på dei ordinære kjøp- og salgruppene online. Då kjende eg at eg skulle hatt noko som var mykje enklare.

Bomkjøp og bomturar

Ho har ikkje tal på bomkjøp og bomturar, kommunikasjon att og fram – og pruting. – Det var så energikrevjande, seier ho.

Første steg blei ein brukt- og handverksmarknad i Elnesvågen, som ho dreiv eit par år. Ein laurdag føremiddag i månaden i vårhalvåret kunne folk komme gratis med sine eigenproduserte- eller gjenbruksting som dei ville selje. Men for mange blei det ein høg terskel med mykje styr for fire timar.

- Så kom eg over dette konseptet, som er stort i Finland. Kirppis betyr «loppis» på finsk. Loppesupermarknadskonseptet har eksistert sidan 90-talet. Då blei eg inspirert til å gjere noko slik her i Elnesvågen, fortel ho.

Enkelt for kjøpar og seljar

Løysinga er enkel, for både seljar og kjøpar: På Kirppis kjem du inn som kunde og kan handle varer frå mange forskjellige personar, men betaler berre ein gong. Kirppis sørger for at seljarane får pengane.

Kirppis tener pengar på utleige av hylleplass; 250 kroner per veke. I tillegg til 19 prosent provisjon av salet.

- Korleis er økonomien i dette for Kirppis Norge AS?

- Det er lønsamt. Vi gjekk med overskot første driftsår. Det synes vi er innmari kult! Men så har ikkje eg som eigar og grunnleggar tatt ut noko løn, men vi har tilsett dagleg leiar, og vi har andre tilsette og mange ekstrahjelper, og alle dei får jo løn. Og ut frå tala våre så ligg vi mykje betre an i år enn i fjor. Det viser at det går riktig veg. Det er berre eit tidsspørsmål, så sant at vi fortsett å gå i riktig retning, før alle timane vi legg ned i butikken er lønna, seier ho.

Blir driven av miljøet

- Kva er drivkrafta di; økonomi eller miljø?

- Miljø. Definitivt, kjem det momentant. - Eg vaks opp med ei mor som var veldig miljøbevisst. Eg har fått det inn med morsmjølka, nesten bokstavleg talt. Det er ein grunnverdi som eg har tatt med meg vidare frå mamma.

- Eg starta først bedrifta Unikum Design i 2017. Mamma kalla meg eit unikum, så det var ein hyllest til ho og hennar miljøengasjement. Ho døydde i 2019 etter å ha hatt Alzheimer i 11 år. Ho tenkte på miljøet då ingen andre gjorde det. Ho gjekk og plukka søppel i grøftene lenge før «plogging» blei populært.

- Så har det balla på seg frå Unikum Design til Kirppis. Det handlar om miljø, begge delar.

- Plana er å leve av det, og vi ønsker å starte fleire butikkar, gi arbeidsplassar til mange og gjere det brukte tilgjengeleg for så mange som mogleg, slik at endå fleire kan oppleve kor enkelt det er å velje brukt.

Sirkulærøkonomi

- Når eg seier sirkulærøkonomi – kva tenker du då?

- Det er akkurat det vi ønsker å vere ein del av. Det skal vere minst mogleg nye råvarer inn i verdikjeda og at mest mogleg skal kunne bli brukt igjen. Vi vil at alt skal bli brukt til det er brukt opp.

Ho trur på å begynne i det små, og nå flest mogleg, slik at alle kan ta nokre små skritt i riktig retning.

- Dersom vi med Kirppis kan gjere at veldig mange gjer litt, så vil dei små stega gjere noko med bevisstheita til folk – det har i alle fall gjort det med meg.

Sjølv starta ho i det små

- Eg sjølv og min familie starta ikkje med å gjere dei store grepa – vi begynte med dei små tinga. Men så har vi i etterkant blitt meir bevisste; med reise, vi kjøpte elbil, vi prøver å klare oss med ein bil - vi har skaffa oss ein elsykkel i staden. Og så er vi blitt veldig glade i tog og prøver å velje miljøvennlege reiser. Vi prøver og å reise mindre.

- Dette fargar ein større og større del av livet vårt. Det er det vi ønsker det skal gjere for fleire. Ikkje at den eine litle  tingen skal gi det gode samvitet til at du lever som før, men at det kan så ei spire som gjer at du faktisk tenker på miljøet i dei andre valane du gjer i livet.

- Trur du vi når målet som FN har sett?

- Det står igjen å sjå, seier Marte Drejer Haldorsen.

Kirppis Norge AS er eigd av Marte Drejer Haldorsen, Øyvind Drejer Haldorsen (styreleiar) og Karl Erik Sørdal. Ingrid Elisabeth Tornes Sørdal er dagleg leiar.

 

Ønsker du å abonnere på vårt nyheitsbrev? Registrer deg her.