Standard for ferjetilbod for veglause grender og øyer
Kva rutetilbod skal fylkeskommunen tilby i område med få fastbuande? Det skal samferdselsutvalet no ta stilling til.
I forbindelse med handsaming av ferjetilbod til bygda Skår i Ørsta kommune ba samferdselsutvalet om ei sak som klargjer prinsippa for kva rutetilbod fylkeskommunen skal tilby i områder med få fastbuande.
I dag er båt- og ferjetilbodet ulikt frå område til område. Etablering, vedlikehald og drift av ferjekaier og hurtigbåtkaier er kostbart.
Kostnadar med drift og vedlikehald
I rapporten som er vedlagt saka er det gjort greie for dei ulike tilboda som fins i fylket. Det er og gjort greie for stader som ikkje har noko tilbod, og det er vist til bilfrie øyer i Nordland, Trøndelag, Vestland, Agder og Viken. Mange stader blir det fremma som ein kvalitet at området er bilfritt.
I tillegg til kostnader til drift av rutetilbodet kommer kostnader til drift og vedlikehald av kaier og oppstillingsplasser. Både ferjer og hurtigbåtar treng tilpassa kaier. I tillegg treng dei fastbuande kai til eigne båtar.
I saka som ligg føre er det forslag om at det ikkje blir tilbod med ferje viss ingen fastbuande bur meir enn 6 kilometer frå kai.
Standard for fylket
Etter modell av standarden i Vestland fylkeskommune har fylkeskommunedirektøren laga følgjande forslag:
Under føresetnad av at kommunen eller private etablerer og vedlikeheld nødvendig kai kan fylkeskommunen samarbeide med kommunen for å sikre eit båttilbod som kan dekke behov for passasjertransport, skoleskyss og vareleveransar til veglause grender og øyer der det er fastbuande, slik dette går fram av tabellen nedanfor.
Fastbuande langs ruta | Anbefalt rutetilbod | Ruteproduksjon dersom skuleelevar |
---|---|---|
1-5 | 1 tur/retur pr. veke | Skulerute morgon/ettermiddag |
6-15 | Tur/retur 3 dagar pr. veke | Skulerute morgon/ettermiddag |
16-30 | Tur/retur 5 dagar pr. veke | Skulerute morgon/ettermiddag |
31-40 | 1 tur/retur 7 dagar pr. veke | Skulerute morgon/ettermiddag + 1 tur/retur laurdag + 1 tur/retur søndag |
40-100 | 2 tur/retur måndag/fredag + 1 tur/retur laurdag + 1 tur/retur søndag | 2 tur/retur måndag-fredag inkl. skuleskyss + 1 tur/retur laurdag + 1 tur/retur søndag |
Det blir i dag gitt ferjetilbod til øyer eller grender der alle innbyggarar bur mindre enn 6 kilometer frå kai. Etablerte ferjeforbindelsar til slike stader blir vurdert tatt bort i samband med nye driftskontraktar eller dersom ferjekaia ikkje er tilfredsstillande.