Saman vil dei løfte fram Noregs lengste kulturminne
Denne veka var det avspark for det nasjonale prosjektet for Den Trondhjemske postvei, med Møre og Romsdal fylkeskommune i spissen.
Over 60 aktørar frå næringsliv, det offentlege og frivillige i Vestland, Møre og Romsdal og Trøndelag møttest i Bergen for å danne eit nettverk for alle som jobbar for det langstrakte kulturminnet, som går frå Bergen til Trondheim.
- Dei tre fylka er på ulike stadium i arbeidet med Den Trondhjemske postvei, men felles for alle er eit sterkt ønske om å løfte dette unike vegminnet og vise det fram som ein ressurs for verdiskaping i fylka våre, seier prosjektleiar Hildegunn Maria Haanes Ruset.
Møre og Romsdal fylkeskommune har leia det nasjonale i forprosjektet sidan mai 2022, med Vestland- og Trøndelag fylkeskommunar og Statens vegvesen på laget.
Vegen vidare er å bygge eit hovudprosjekt for å ta vare på den samanhengande historiske strekninga. Det er òg mål å bidra til utvikling av opplevingar langs vegen, i samarbeid med opplevingsnæringa.
Historisk reise
Postvegen slynger seg langs fjordar, gjennom skogar, over fjell og vassdrag gjennom tre fylke, 21 kommunar og stadar og bygder, over 70 mil. Åtte av kommunane ligg i Møre og Romsdal.
- Postvegen er eit kulturminne med stor eigenverdi som vi skal respektere og ta vare på. Og vi er heilt avhengige av innsats frå frivillige lag og foreiningar og kommunane for vedlikehald og bruk. Derfor treng vi eit godt samarbeid mellom forvaltning og frivillige, seier prosjektleiar Hildegunn Maria Haanes Ruset.
Prosjektet ønsker også å koble på større delar av opplevingsnæringa i Møre og Romsdal.
Prosjektet har sitt utspring i verdiskapingsprogrammet Ein bit av historia, men har det siste året stått på eigne bein og mottatt støtte frå Riksantikvaren sine verdiskapingsmiddel, i tillegg til eigenfinansiering frå samarbeidspartane.
Forprosjektet blir avslutta i juni
Du kan følgje prosjektet på www.postvei.no .