Rustar opp fylkesveg i Valldal

Måndag 15. august blir det starta eit arbeid med vedlikehalds- og forsterkingstiltak på fv. 5932 Døvingssida mellom Uribrua og Holsbrua i Valldal.

Skriv ut

Vegen er smal og anleggsmaskinene tek stor plass. Det blir derfor nødvendig å stenge vegen i lengre periodar på kvardagar mellom kl. 08.15 og 20.00 fram til midten av september. Det kan også vere behov for arbeid laurdagar.

Vegen blir stengt der det til ein kvar tid er arbeid og vil alltid vere open når skolebussen skal forbi ca. kl. 14.35 og 16.45.

Der det ikkje er arbeid på strekninga, vil vegen kunne brukast. Før skolestart 22. august, vil arbeida starte kl. 08.

Slik skal vegen rustas opp:

  • Betre sikt i sving, mellom anna med sprenging av fjell
  • Knuse dårleg asfalt
  • Forsterke vegkroppen med knust asfalt, stein og bindemiddel
  • Ny asfalt

- Fylkesvegen vil ha vesentleg dårlegare standard i arbeidsperioden, fordi asfalten er fjerna og vegen berre består av grus- og steindekke. Det må til ein periode før vegen får eit skikkeleg standardløft. Vi oppfordrar trafikantane til å køyre sakte og vise omsyn til køyreforholda, seier byggeleiar Leif-Olav Brandt i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Det blir også noko etterarbeid i siste halvdel av september. Det vil gi punktvis hindring og alle som brukar vegen må rekne med litt ventetid.

Vegtrafikksentralen har oppdatert informasjon om kor vegen er stengt i arbeidsperioden på 175.no

Snarvegar

Kontakt