Ottar Brage Guttelvik blei takka av som fylkeskommunedirektør

Til ståande trampeklapp sa politikarane i fylkestinget takk for innsatsen til Ottar Brage Guttelvik.

Skriv ut

Fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik har sin siste arbeidsdag torsdag 30. juni etter 23 år i toppstillinga, og han blir då pensjonist.

I fylkestinget tysdag fekk han overrekt blomster og gåver som takk for jobben.

Ambisiøs, tydeleg og samlande

Fungerande fylkesordførar Line Hatmosø Hoem sa i sin takketale at Guttelvik har vore ein ambisiøs, tydeleg og samlande leiar i fylkeskommunen.

- Du har stått trygt i rolla di og du har stått trygt i spennet mellom politikk og administrasjon. Og du har klart å bevare og verne om din integritet som fylkesrådmann i dette spennet, sa Hoem, og fortsette: - Eg vil i dag særleg legge vekt på ditt bidrag til å sikre eit godt samspel mellom politikk og administrasjon. Dette samspelet er heilt sentralt for fylkeskommunen sin posisjon og vår evne til å fylle rolla som regional samfunnsutviklar.

Integritet 

- Det blir kravd av ein fylkeskommunedirektør at han eller ho har integritet til å legge fram fakta og vurderingar som ein veit eller trur folkevalde vil vere ueinig i. Denne integriteten har du hatt. Eg vil nytte høvet til å anerkjenne deg og dine medarbeidarar for dette. Du har vore ein fylkeskommunedirektør med tydelege meiningar, og store ambisjonar for Møre og Romsdal.

Guttelvik: - Takk

Guttelvik takka for at han har fått vere fylkeskommunedirektør, og sa at «å vere her i alle åra har vore fantastisk»:

- Å bli fylkesrådmann i heimfylket er noko av det gildaste du kan få med den interessa eg har for politikk og administrasjon.

Det gode humøret er Ottar Brage Guttelvik sitt varemerke. Og han sa med sitt sedvanlege glimt i auget at han ville takke alle dei som har vore kritisk til administrasjonen:

- Dei har samla administrasjonen på ein god måte. Dei har spart fylkeskommunen for store utgifter til leiarutvikling fordi vi har blitt samla gjennom at enkelte har vore kritisk. Det har vore ein fin måte å drive leiarutvikling på der alle var einige om at her må vi stå saman. Eg sender ein ekstra takk til dei. Og eg nemnar inga namn, sa Guttelvik til latter frå fylkestingssalen.

Fylkestinget, som går føre måndag til onsdag denne veka i Fosnavåg, er Guttelvik sitt siste fylkesting som toppleiar i fylkeskommunen.

Tysdag kveld skal heile fylkestinget på «blåtur» for å takke av Guttelvik.

Kontakt