Ny kostnadsramme for Normoria: 825 millionar kroner

Fylkestinget vedtok tysdag ny kostnadsramme for det nye kulturhuset i Kristiansund. Den nye ramma er på 825 millionar kroner.

Skriv ut

Den førre kostnadsramma var på 690 millionar kroner.

Total lønns- og prisstigning er totalt på 135 mill. kroner, kor 60 mill. kroner er ekstraordinær auke knytt til korona og krig i Ukraina.

Staten sitt tilskot på 150 millionar kroner er gitt utan at det blir regulert for lønns- og prisstigning. Det betyr at fylkeskommunen og Kristiansund kommune sjølv må finansiere heile kostnadsauken.

Normoria blir finansiert slik:

  • Møre og Romsdal fylkeskommune: 194,5 mill. kr
  • Kristiansund kommune: 480,5 mill. kr
  • Staten: 150,0 mill. kr

Snarvegar

Kontakt