Nordøyvegen er Årets anlegg 2022
Nordøyvegen-prosjektet til Møre og Romsdal fylkeskommune kan no titulere seg som Årets anlegg for 2022. I knallhard konkurranse med to andre gode prosjekt i Norge, fekk Nordøyvegen den gjeve prisen under Byggedagane i Oslo, onsdag 22. mars.
- Dette er ei stor fjær i hatten til alle som har vore involvert i Nordøyvegen-prosjektet. Dette er velfortent heider til prosjektleiinga vår, til entreprenøren Skanska, deira underentreprenørar, og samarbeidet oss i mellom. Å vinne denne prisen i konkurranse med så gode prosjekt er veldig moro, seier prosjektsjef for vegprosjekt i Møre og Romsdal fylkeskommune, Torbjørn Vatnehol.
Vatnehol var sjølv til stades på Byggedagane saman med fleire av sine kollegaer som har jobba på prosjektet.
Hard konkurranse
Dei to andre anleggsprosjekta som er nominerte er Bybanen mellom sentrum og Fyllingsdalen i Bergen, og vegprosjektet E39 Kristiansand vest-Mandal øst. Årets anlegg er ein anerkjend pris som kvart år blir delt ut under Byggedagene, og blir gitt til prosjekt som utmerkar seg på mellom anna framdrift, HMS, miljø, kostnadskontroll og samarbeid i byggeprosessen. Byggedagane blir arrangert av Byggenæringens Landsforeining, Entreprenørforeininga Bygg og Anlegg og Byggeindustrien/bygg.no
- Vi frå Møre og Romsdal fylkeskommune er stolte over arbeidet vi som byggherre har utført saman med entreprenøren Skanska, underentreprenørane og andre involverte partar. Prosjektet blei opna før ferdigstillingsfristen og innafor kostnadsramma. Denne prisen bekreftar at vi har gjort veldig mykje riktig på Nordøyvegen, seier Vatnehol.
God kompetanse på alle sider av bordet
Nordøyvegen gir 2700 innbyggarar på Nordøyane fastlandsforbinding med resten av Ålesund kommune, som har store positive effektar for privatpersonar og næringslivet i regionen. Prosjektet erstattar to ferjesamband og eitt hurtigbåtsamband. Møre og Romsdal fylkeskommune var byggherre, medan Skanska Norge AS var hovudentreprenør.
Juryen trekkjer mellom anna fram at prosjektet har flotte tunnelanlegg og har bidrege med mykje og god informasjon til alle i nærområdet. Det har vore godt samarbeid mellom dei involverte for å finne de beste løysningane og brei samhandlingsprosess med mange involverte. Prosjektet hadde god kompetanse på alle sider av bordet, samt vilje og evne til å bidra med opplæring både av lærlingar og studentar ved universitetet.