No kan idrettsutøvarar og klubbar søke idrettsstipend
Er du mellom 16- 23 år og ønsker å utvikle deg i idretten din? Da kan du søke idrettsstipend. Klubbar som har eit høgt aktivitetsnivå og god drift kan og søke om stipend.
Møre og Romsdal fylkeskommune lyser ut idrettsstipend som skal gi inspirasjon og motivasjon for enkeltutøvarar til å utvikle seg vidare i idretten sin. Stipenda er på 50 000 kroner kvar, og skal gå til ein kvinneleg og ein mannleg idrettsutøvar i alderen 16-23 år.
- Vi oppmodar søkarar som kan vere aktuelle kandidatar om å søke. Kjenner du nokon som kan vere aktuell, tips dei om stipendet. Vi har mange aktive og talentfulle kandidatar i fylket som fortener å bli sett, seier Heidi- Iren Wedlog Olsen, kulturdirektør i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Gir inspirasjon
Idrettsstipendet vil bli tildelt ein klubb med eit høgt aktivitetsnivå og god drift, og det er meint å gi motivasjon og inspirasjon til vidare utvikling. Det er mange klubbar som gjer ein god jobb og som fortener støtte. Klubbstipendet er på 50 000 kroner.
Søknadsfristen er 5.mai 2023. Søkarar kan finne informasjon her (lenke til nettsida).
I 2022 vart stipenda tildelt to unge talentfulle utøvarar, Functional Fitnesstøvar Leah Sophie Gallagher Støren og syklistutøvar André M. Bertelsen Drege. I tillegg fekk turngruppa til Hareid IL klubbstipendet for 2022.