Næringssjefen i Møre og Romsdal presenterer eksportsatsinga Skaparkraft

Møre og Romsdal fylkeskommune lanserer eit tiårig program som skal bidra til at offentlege aktørar, næringslivet og verkemiddelapparatet arbeider saman for å auke eksporten av berekraftige løysingar og produkt. 

Skriv ut

-Møre og Romsdal er eit av dei viktigaste industrifylka i Noreg og har landets mest eksportretta næringsliv. Vi er heilt avhengige av næringslivet, og av at dei lykkast med den grøne omstillinga. Skal vi få til dette, må vi arbeide saman. Det er dette Skaparkraft handlar om, seier næringssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, Hilde Aspås. 
Fylkestinget har løyvd 15 mill. kroner per år til Skaparkraft i perioden 2022 - 2025.

Fylkestinget har løyvd 15 mill. kroner per år til Skaparkraft i perioden 2022 - 2025.

Dette er Skaparkraft 2022:

Grøne industrielle løft

  • Tilskotsmidlar til utviklingsprosjekt der aktørar som bedrifter, klynger, forskingsmiljø, investorar og andre i fellesskap utforskar og identifiserer moglegheiter for nye industrielle løft med eksportpotensial i Møre og Romsdal. Dette er løysingar som kan vidareutvikle eksisterande verdikjeder, utvikle nye verdikjeder og skape sirkulære industrielle samspel.

Smart teknologi

  • Tilskotsmidlar som skal bidra til at næringslivet får tilgang til kompetanse og testinfrastruktur på smart teknologi

Fornybar energi

Satsinga skal bidra til at næringslivet får tilgang til fornybar energi og infrastruktur. Gjennom samarbeid med ulike aktørar jobbar vi med prosjekt som skal føre til økt produksjon og bruk av fornybar energi. Arbeid med utarbeiding av plan for ladepunkt og energistasjonar i Møre og Romsdal er satt i gang.

Kompetanse i- og for næringslivet

  • Tilskotsmidlar til utvikling av nye utdanningstilbod 
  • Utarbeiding av fylkesstrategi for kompetanse: vi skal bidra til at kompetansebehov i næringslivet og utdanningstilbod på alle nivå i utdanningssystemet skal henge saman

Fleire delprosjekt i skaparkraft er allereie godt i gang

ÅKP Digicat, SINTEF Ålesund, Innveno og iKuben er dei første som har fått støtte frå Skaparkraft, til saman 2,6 mill. kroner. Prosjekta skal kartlegge behovet for testfasilitetar for forsking og innovasjon og bidra til at bedrifter og kommunar får den rette kompetansen til å bruke utstyret.

Skaleringsprogram for auka eksport: Protomore og Vindel får til saman 1,7 mill. kroner for å utvikle skaleringsprogrammet "ScaleOut" retta mot nye og etablerte bedrifter som har ambisjonar om etablering eller vidare ekspansjon i den internasjonale marknaden. 

iKubens prosjekt Industriell utvikling i sirkulære verdikjeder for aluminium får støtte på 1 mill. kroner. Prosjektet består av ulike arbeidspakkar for kva som må til for å bygge bru i aluminium. 

Snarvegar

Kontakt