Næringslivet ønsker meir fleksible og up to date-utdanningstilbod
Næringslivet treng meir fleksible og kortvarige utdanningstilbod for å møte kompetansebehovet i framtida. Det var hovudbodskapet då fylkeskommunen møtte arbeidslivet for å få innspel til ny fylkesstrategi for kompetanse.
Onsdag var det workshop på NTNU i Ålesund, fredag på Protomore i Molde, denne veka i Ulsteinvik og Kristiansund.
På Protomore var salen stappfull av tunge aktørar frå både næringsliv, det offentlege og utdanningsinstitusjonar, og bakteppet var den demografiske krisa med lågare folkevekst, eldrebølge, utanforskap og færre hender i arbeidslivet.
Tilbakemeldingane var tydelege:
- Samfunnsendringane går så kjapt no, og konkurransen er så hard, at ein kan ikkje kan ha eit fem eller ti års perspektiv på kompetansestrategien. Vi må ha en agilt perspektiv på korleis ein skal dekke og møte behova, sa Konrad Lillevevang på IKuben.
Utdanningstilboda må også vere agile, det vil seie tilpassingsdyktige.
- Inngangsporten må vere lav for å bygge kompetanse, og utdanningstilboda treng ikkje gi studiepoeng, eller krevje eit halvt år.
Viktig samarbeid
Frank Raknestangen frå Linjebygg støtta bodskapet.
- Vi må legge til rette for utdanning som er modulbasert og nettbasert, og som lett kan kombinerast med arbeid, sa Hellum.
Like viktig er det at utdanningsinstitusjonane utdannar folk med kompetansen det er behov for, meinte Andreas Andenæs, dagleg leiar i Christie.
- Utdanninga må være up to date og relevant. Vi kan ikkje utdanne i bensinmotorar når det er kompetanse på batteri som trengst.
Næringslivssjef Hilde Aspås har forståing for innspela frå arbeidslivet. Å få innspela frå dei og andre partar i arbeidslivet og samarbeide, er derfor viktigare enn nokon gong.
- Med færre og færre folk i arbeidsdyktig alder, må vi løyse arbeidsoppgåvene på andre måtar og då er det avgjerande å få innspel frå arbeidslivet , offentleg og privat sektor om korleis vi skal samarbeide framover for å sikre at utdanningsløpa gir den kompetansen som arbeidslivet faktisk treng.
- Mange vil ikkje ha råd til å ta ut folk i lange studieløp. Derfor må vi ha tilbod som gjer at vi kan heve kompetansen vår samtidig som vi gjer jobben vår. Da må det vere fleksibilitet og høve til å kombinere stillingar. For eksempel vere lærar og ha jobb i industrien samtidig
Fylkesstrategi for kompetanse skal vedtakast i desember i år. Formålet med strategien er å gjere det tydeleg korleis vi skal samarbeide i fylket for å sikre rett kompetanse til næringslivet og offentleg sektor.
Sentral tema i samarbeidet er tilpasse utdanninga til framtidas kompetansebehov, nye utdanningstilbod, utanforskap, karrierererettleiing for både vaksne og unge, attraktivitet og rekruttering.