Møre og Romsdal fylkeskommune lyser ut tilskot til prosjekt
Har du eit prosjekt du ønsker midlar til? Fylkeskommunen lyser ut tilskot til prosjekt i regi av frivillige lag og organisasjonar som har regionalt nedslagsfelt i Møre og Romsdal.
Tilskotsordninga skal bidra til at Møre og Romsdal får eit kultur- og fritidstilbod som er relevant og tilgjengeleg for alle, og frivillige lag- og organisasjonar som skaper mangfald og engasjement.
Støtteordninga har som formål å styrke grunnlaget for vidareutvikling av kulturaktivitet og stimulere frivillig engasjement, mangfald og kvalitet i idretten, kulturlivet og folkehelsearbeidet i Møre og Romsdal. I tillegg ønskjer vi å stimulere til nettverksbygging og samhandling mellom offentleg, privat og frivillig sektor.
Desse kan søke:
Lag og organisasjonar med eit regionalt nedslagsfelt i Møre og Romsdal som er registrert i Frivillighetsregisteret.
- Allmennkulturelle aktørar
- Kunst- og kulturorganisasjonar
- Regionalt-/fylkesledd av frivillige organisasjonar
- Organisasjonar som er demokratisk oppbygd der alle kan teikne medlemskap
Desse kan ikkje motta støtte
- Politisk verksemd
- Organisasjonar eller aktørar som samlar inn eller vidareformidlar midlar
- Organisasjonar eller aktørar som fremmer eigne medlemmer sine økonomiske eller yrkesmessige interesse
- Religiøs verksemd
Søknadsfristen er 4. mai 2023