Løyver ein million til dei som slit økonomisk
Fylkesutvalet løyver ein million kroner til frivilligsentralane i Møre og Romsdal. Pengane skal gå til å kjøpe inn mat og andre forbruksartiklar, som blir delt ut til dei som treng det mest.
Det var eit einstemmig fylkesutval som på tampen av møtet tysdag vedtok å bruke av fylkesutvalet sin reservepost. I vedtaket står det:
«Fylkesutvalet viser til at fleire no slit med å få endane til å møtes mellom anna grunna auka prisar på mat og andre forbruksvarer. Dette, saman med renteauke og generell prisauke, rammar hardast dei som allereie har minst. Fylkesutvalet oppmodar Frivilligsentralane til å organisere innsamling av mat og andre forbruksartiklar frå handelstand og andre for å gi ut til dei innbyggarane som treng det mest. Fylkesutvalet løyver 1 million til Frivilligsentralane i Møre og Romsdal, som fordelast etter innbyggartalet i kommunane. For dei komunane som ikkje har frivilligsentral kan kommunane fordele midlane til andre aktørar. Løyvinga dekkast frå fylkesutvalet sin reservepost»