Lanserer mobilguide til pilegrimsvandring

Klar for å gå pilegrim i sommar? No kan du gå pilegrim med digital guide på øyret, langs Kystpilegrimsleia i Møre og Romsdal og Trøndelag.

Skriv ut

Med støtte fra Møre og Romsdal fylkeskommune, lanserer Regionalt pilegrimssenter Smøla ein digital guide for deg som har lyst til å gå pilegrim.

Å gå pilegrim er ein gammal tradisjon som strekk seg snart tusen år tilbake i tid, då folk vandra til Nidarosdomen og Olav den helliges grav i Trondheim. Felles for pilegrimane er at dei har brukt eit nettverk av vegar som fleire ti tusen frå heile Nord-Europa og verda har gått på før dei – og langs desse vegane er det tett mellom kulturminnene, mange av dei i Møre og Romsdal.

I følge pressemelding frå Regionalt pilegrimssenter på Smøla, skal no pilegrimen leiast inn i eit nytt univers der ny teknologi blir tatt i bruk. Regionalt pilegrimssenter Smøla (RPS) og Experio AS lanserer appen Voice of Norway på 10 nøkkelstader langs Kystpilegrimsleia i Møre og Romsdal og Trøndelag; på Herøy, Borgund, Giske, Veøy, Kvernes, Smøla, Dolm, Sula, Ørlandet og Indre Fosen.  Pilegrimen kan lytte til forskjellige historiar rundt omkring på plassane dei kjem til på vandringa si.

Guiden har samla historiar, nyttig informasjon og bilde frå kvar plass. Historiane er lest inn på både norsk og engelsk. Appen kan lastast ned gratis.

Regionalt pilegrimssenter Smøla blei etablert våren 2020. Senteret koordinerer blant anna dei 10 nøkkelstadane i Møre og Romsdal og Trøndelag.

Vil gjere historiske vegar meir kjent

Prosjektet har blitt realisert med støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune sitt fleirårige prosjekt “Ein bit av historia” som har som mål å gjere historiske vegar betre kjent og meir brukt.

Fylkeskommunen har også hatt ei sentral rolle i etableringa pilegrimssenteret, saman med Nasjonalt pilegrimssenter, Trøndelag fylkeskommune og Smøla kommune. RPS er nå i drift som en avdeling av Nordmøre museum.