Inviterer til den store frivilligfesten!
4. og 5. desember arrangerer vi Fylkeskulturkonferansen 2022 – med frivilligheita inn i framtida – og deler ut Frivilligprisen.
I Frivilligheita sitt år 2022, markerer fylkeskommunen frivilligheita i fylket vårt med fest to dagar til ende.
Søndag blir det inspirasjonskonferanse for inviterte frå kommunar og frivillige organisasjonar, der vi viser fram breidda av frivillige lag og organisasjonar i fylket vårt. Vi ser på rolla dei frivillige speler og kor verdifulle dei er.
Frivilligprisen 2022
På festmiddagen om kvelden offentleggjer vi vinnaren av «Frivilligprisen 2022». Dette er ein særleg gjev pris som går til ein person som har gjort ein spesiell innsats for frivilligheita i sin heimkommune. Alle kommunar er invitert til å sende inn sin kandidat.
Marco Elsafadi, vinnar av Mesternes mester, kjent eldsjel og basketballproff, leier oss gjennom kvelden.
Den viktige samfunnsrolla
Måndag blir det fagkonferanse for tilsette i kommunar, politikarar og frivillige, organisasjonar og aktørar som samarbeider med frivillige.
Tema for dagen er blant anna dei ulike samfunnsrollene og samarbeidet mellom frivilligheita, det offentleg og næringslivet.
- Vi arrangerer ein paneldebatt om samskapinga mellom frivilligheita og det offentlege, der vi blant anna hentar inn erfaring frå Viking Sky-hendinga. Vi vil belyse kor viktig frivilligheita er for beredskapen i storsamfunnet, seier Rigmor Hustad Holen, seksjonsleiar folkehelse, idrett og friluftsliv.
Vi skal prate om frivilligheita si rolle. Men først både høyre om kor viktig frivilligheita er for beredskapen i storsamfunnet, og at ulykka med Viking Sky er eit eksempel på kor godt jobben blei gjort av dei frivillige.
På programmet står mellom anna desse sakene:
- Korleis ser frivilligheita i fylket ut? Og korleis blir den i framtida?
- Trendar og utfordringar i frivillig arbeid.
- Kva er suksesskriterier for samarbeid mellom dei frivillige og det offentlege?
- Berekraft i frivillig sektor
- Nytta av frivilligpolitikk i kommunar
- Livskvalitet og folkehelse i frivilligheit