Her blir det gratis buss i to månadar

Frå 22. august og i to månadar blir det gratis å reise med buss i Ålesund byområde, Sula og Giske. Men merk deg den viktige informasjonen frå FRAM.

Skriv ut

Målet med kampanjen er at fleire skal bli vande med å bruke kollektivtransport. Gratisperioden startar same dag som det blir starta innkreving av bompengar i Ålesund.

- Dette er ein gylden moglegheit for alle i Ålesund-området til å prøve kollektivtransport, og å sjå alle fordelane, seier samferdselsdirektør Arild Fuglseth i Møre og Romsdal fylkeskommune.

For dei som reiser i gratisområdet

Tilbodet om gratis buss er for dei som gjennomfører heile reisa – går både på og av bussen – i gratisområdet. Gratisområdet (sjå kartet) er desse sonene: 300 Ålesund, 302 Moa, 303 Blindheim/Solavågen, 304 Magerholm, 305 Brusdalen, 306 Ellingsøya, 307 Taftesund, 308 Valderøy-Giske, 309 Godøya, 310 Roald, 311 Digernes, 314 Glomset, 321 Langevågen, 322 Sulesund.

For bussreiser inn og ut av gratisområdet må du betale billett for heile reisa som før.

Det blir meir folk på bussane

I gratisperioden er det venta auka trafikk – og på enkelte avgangar fulle bussar. Det vil bli sett opp ekstrabussar i den grad FRAM har tilgang på bussar og sjåførar. Dette kan vere turbussar utan FRAM-profil.

Rådet frå FRAM er: Vent på neste avgang dersom bussen er heilt full. Og dersom du vanlegvis tar ein buss som er ganske full, kan det vere lurt å reise tidlegare enn du tenkte.

40 prosent rabatt på hurtigbåtane

Frå 22. august blir det 40 prosent rabatt på alle hurtigbåtreiser til og frå Ålesund. Dette gjeld ruta Hareid-Valderøy-Ålesund, Langevåg-Ålesund og Nordøyruta (NB: Nytt opplegg på Nordøyruta frå 28. august.)

Meir informasjon

Dei nye bussrutene som gjeld frå 22. august er lagt ut på frammr.no. Reiseplanleggaren på frammr.no og i FRAM-appen vil og bli oppdatert med nye linjenummer og eventuelle justeringar i køyrerute og -tider.