Halv million til gratis sundbåt-tilbod

Fylkestinget løyvde onsdag 500.000 kroner i støtte til sundbåten i Kristiansund.

Skriv ut

Midlane skal gå til å utvide tilbodet med gratis sundbåt gjennom sommaren og hausten 2022.

Vedtaket i fylkestinget var einstemmig.

Styreleiar i Kristiansund kommunale sundbåtvesen KF, Arne Grødahl, seier at midlane er kjærkomne.

- Planen var gratis sundbåt om på dag- og ettermiddagstid seks dagar i veka gjennom sommaren og hausten. Med desse tildelte midlane kan vi også tilby gratis sundbåt om kveldane i den same perioden, seier Grødahl.

For ordens skuld: Grødahl er politikar i fylkestinget, med blei erklært inhabil og deltok ikkje i behandlinga av saka onsdag.

Forslaget om tilskot til sundbåten blei fremma i saka om "Moglegheiter og verktøy for å få fleire til å reise kollektivt ".

Snarvegar

Kontakt