Gunn Randi Seime konstituert som fylkeskommunedirektør

Fylkestinget vedtok i dag å konstituere Gunn Randi Seime som fylkeskommunedirektør frå 1. juli.  

Skriv ut

Seime er i dag assisterande fylkeskommunedirektør, og leier stab for strategi og styring. Ho vil vere konstituert i stillinga fram til ny fylkeskommunedirektør er på plass.

Oppgåvefordeling i konstitueringsperioden

I perioden med konstituert fylkeskommunedirektør, vil organisasjonssjef Dag Lervik og juridisk sjef Gudmund Lode ta over ein del av dei oppgåvene som ligg til stillinga som ass. fylkeskommunedirektør.  

Lervik vil ta eit større ansvar for det organisatoriske og administrative, medan Lode vil bidra inn mot det politiske nivået.

Økonomisjef Geir Fjørtoft og fylkesplansjef Ingunn Bekken Sjåholm vil ta eit større koordinerande ansvar for leiing av stab for strategi og styring med støtte frå Lervik. Fjørtoft vil delta fast i toppleiargruppa i denne perioden.   

Stillinga som fylkeskommunedirektør er lyst ut med søknadsfrist 4. august. Det er rekrutteringsfirmaet Assessit som skal leie denne prosessen, og målet er å få på plass ny fylkeskommunedirektør til 1. januar 2023.     

Kontakt