Går i bresjen, blir med på miljøstandard for bygg og eigedom
Møre og Romsdal er den første fylkeskommunen i landet som forpliktar seg til klimakutt og miljøforbetringar innafor bygg og eigedom.
Fylkestinget vedtok nyleg å slutte seg til «10 anbefalte strakstiltak 1.0 for byggeiere», som den første fylkeskommunen i landet. – Dette inneber eit systematisk arbeid for miljøforbetring, seier fungerande fylkesordførar Line Hatmosø Hoem.
I tillegg vedtok fylkestinget å jobbe aktivt for å innføre og slutte seg til «10 strakstiltak 2.0 for byggeiere» når 1.0 er fullført. Dette er målretta tiltak som bidrar til meir klima- og miljøvenleg bygging og drift.
- Som berekraftsfylke vil vi omsette klima- og miljøambisjonar i handling. Desse tiltaka vil vere med på å skape miljøgevinstar i byggenæringa og bidra til å nå måla i fylkesplanen vår, seier Hoem.
Som byggeigar har fylkeskommunen ein stor påverkingsmoglegheit, både ovanfor andre sektorar men òg resten av byggsektoren: arkitektar, entreprenørar, rådgjevarar og byggvareprodusentar.
- Strakstiltaka er målretta og vil skape reelle miljøgevinstar i prosjekt. Møre og Romsdal fylkeskommune gjer allereie fleire av tiltaka, som utnytting av takflater (solceller), installering av delmålarar og etterspurnad om materialar med låge klimagassutslepp, står det i saka.
Det er Grønn Byggallianse og Norsk Eiendom som i fellesskap har utvikla ‘Strakstiltak for eiendomsbesittere’ for å kome raskare i gang med klimakutt og miljøforbetringar i eigedomssektoren.
I saksframlegget til fylkestinget påpeiker fylkeskommunedirektøren at byggsektoren påverkar fleire sektorar som samla har store klimagassutslepp: industri-, transport- og energiforsyningssektoren. I tillegg står byggsektoren for ein betydeleg del av alt avfallet i Norge.
Fylkeskommunedirektøren vurderer det slik at Møre og Romsdal fylkeskommune allereie er på god veg med å oppfylle både strakstiltak 1.0 og 2.0.