Frivillige får støtte til å feire dei frivillige
14 regionale lag og organisasjonar får 610.000 kr til å feire frivilligheita i Frivilligheita sitt år. Pengane skal blant anna gå til Den store vaffelfesten der ordførarar og kommunedirektørar skal steike vaflar.
I forbindelse med Frivilligheitsåret 2022, har 14 søknadar frå fylkesorganisasjonar blitt innvilga og fått støtte til "Vår veke" i juni, til ei sju dagars markering av dei frivillige sitt arbeid i fylket.
- Interessa har vore heilt formidabel! Det blir aktivitetar over heile fylket, og vi trur ikkje at nokon vil unngå å få med seg at vi feirar dei frivillige sitt arbeid denne veka, seier seksjonsleiar i seksjon for folkehelse, idrett og friluftsliv, Rigmor Hustad Holen.
Inviterer til vaffelfest over heile fylket
Av dei 610.000 kr, vart 150.000 kr tildelt «Den store Vaffelfesten». Prosjektet er eit samarbeid mellom sju regionale organisasjonar, og under Vår veke skal dei stille opp 18 ulike plassar i fylket for å gi tilbake til dei som alltid stiller opp – frivilligheita sjølv. Dei ønsker mellom anna å engasjere kommunane og utfordre ordførarar og kommunedirektørar til å steike vaflar denne veka.
- Prosjektet er imponerande, og vi er veldig glade for at så mange frivillige organisasjonar har gått saman i eit så stort samarbeidsprosjekt. Vi gler oss til å sjå resultatet, seier Hustad Holen.
Vår veke og resten av Frivilligheita sitt år skal bidra til å vise kva frivilligheita betyr for Noreg.
- Vi skal fjerne barrierar som enkelte kan ha for å delta i frivillig aktivitet, vi skal auke deltakinga, og vise fram frivillig sektor sin betydning i samfunnet. Vår veke har mange gode tiltak som treff desse måla, seier Hustad Holen.
Dette er prosjekta som får støtte:
Søker | Søknad | Tilskot |
---|---|---|
Møre og Romsdal idrettskrets | Markering av Frivilligheitas år i idretten i Møre og Romsdal, søknad frå forskjellige idrettslag | 50.000 |
Sunnmøre friluftsråd | Frivillig innsats i Sunnmøre friluftsråd | 50.000 |
Hageselskapet Møre og Romsdal | Søknad, støtte til 6 lokallag som høyrer til Hageselskapet Møre og Romsdal i vår veke. | 50.000 |
Mental Helse Møre og Romsdal | Lokallaga markerer "Vår veke". | 25.000 |
DNT Sunnmøre | Vår veke 23 - aktivitetar | 20.000 |
Sunnmøre historielag | Lokalhistoriestafett - med folk under 50 om tida etter 1950 | 20.000 |
Pensjonistforbundet Møre og Romsdal | Frivilligheit og livsglede i eldre år | 50.000 |
Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal | Stikk UT SAMMEN med dei frivillige. | 50.000 |
NFF Nordmøre og Romsdal | Berekraftig frivilligheit | 20.000 |
NMF Nordvest (Norges Musikkorps Forbund) søkjer om eit samarbeidsprosjekt mellom sju regionale ledd | Vaffelfesten 2022 – Saman gir vi ein vaffel tilbake til dei frivillige i heile fylket | 150.000 |
Norges Jeger- og Fiskerforbund Møre og Romsdal | Rekrutteringsdagar NJFF | 25.000 |
Sunnmøre Frilynde Ungdomssamlag | Ungdomsring - folkedans for ungdom i heile Møre og Romsdal | 40.000 |
Kirkens SOS Møre og Romsdal | Kirkens SOS Møre og Romsdal markerer Frivilligheitas år | 10.000 |
DNT Romsdal | Hyllest av frivilligheita som bidrar til å få fleire ut på tur i naturen | 50. 000 |