Førsteinntaket på vgs er klart: Ber søkarane svare på tilbod om skoleplass

4. juli fekk 9.375 søkarar sms og e-post med tilbod om skoleplass i vidaregåande neste skoleår. Det er færre som står heilt utan tilbod enn i fjor.

Skriv ut

Fristen for å svare om dei vil ha plassen er 15. juli.

- Vi vil passe på at alle søkarar med ungdomsrett får skoleplass til skolestart. Andre søkarar får ikkje tilbod før alle med ungdomsrett har fått ein skoleplass. Av erfaring veit vi at ein god del av dei som står på venteliste vil kome inn ved andreinntaket i august, seier kompetansesjef Kariann Dimmen Flovikholm i Møre og Romsdal fylkeskommune, og oppmodar søkarane om å svare på skoletilbodet innan fristen.

Etter førsteinntaket er det totalt 94 søkarar på alle trinna som står utan tilbod, det er 31 færre enn i fjor. Av desse har 43 elevar søkt på Vg 1.

I denne omgangen er det nesten berre søkarar med ungdomsrett som har fått tilbod. Andreinntaket blir gjennomført rundt 4. august med svarfrist 8. august.  

På venteliste

Det er ventelister for å få plass på fleire av Vg1-tilboda. Det gjeld mellom anna helse- og oppvekstfag, teknikk og industriell produksjon, elektrofag, naturbruk, idrettsfag og bygg- og anleggsfag.

Rett til utdanningsønske

Dei som skal ta vidaregåande opplæring, har rett til å få oppfylt ønsket sitt om utdanningsprogram, men ikkje til ein spesifikk skole. Dei har rett til plass på eit av dei tre utdanningsprogramma dei har søkt på Vg1 og til eit programområde dei er kvalifisert til etter Vg1 og Vg2.

- Også i år er søkarar til Vg1, Vg2 og Vg3 vidaresøkt i 1. inntaket. Det betyr at dei har fått plass på eit av programområda dei har søkt, men ikkje nødvendigvis til skolen dei ønsker, opplyser Flovikhom.

I alt er 179 søkarar vidaresøkt til ein anna skole. Til Vg1 gjeld dette 75 søkarar, til Vg2 42 søkarar og 62 søkarar til Vg3.

Kva er ungdomsrett?

  • Elevar som har fullført grunnskolen  eller tilsvarande opplæring, har rett til tre års heiltids vidaregåande opplæring.
  • Retten til vidaregåande opplæring gjeld ut det skoleåret som tek til det året eleven fyller 24 år.

Kontakt