Fleire søker tilskot til kulturarrangement, no blir det løyvd meir pengar
Med gjenopninga av kulturlivet etter pandemien, søker fleire musikkarrangørar i fylket om støtte til arrangement. No har Kultur-, næring- og folkehelseutvalet vedtatt å løyve meir pengar til Møremusikarordninga.
I år har fleire arrangørar har søkt om støtte til å arrangere konsertar og til ulike musikkprosjekt frå Møremusikarordninga, der tilskotet skal gå til å leige inn profesjonelle frilansmusikarar. I tillegg er søknadssummen jamt over høgare enn vanleg. Halvvegs i året er allereie tre fjerdedelar av potten tildelt. No har Kultur-, næring- og folkehelseutvalet (KNF) vedtatt å auke potten med 300.000 kr.
- Dette er eit bidrag til gjenopninga av kulturlivet i fylket. Det vil komme både dei som skal arrangere kulturtilbod og profesjonelle freelansmusikarar til gode, og ikkje minst publikum som endeleg får gå på konsertar og festivalar igjen, seier Marit Nerås Krogsæter, leiar i utvalet.
Handsrekning til kulturlivet
Kartleggingar under pandemien viser at også frilansmusikarane har hatt det vanskeleg økonomisk, med færre oppdrag. Ekstraløyvinga til Møremusikarordninga er ei handsrekning til dei.
- Når vi aukar pengesummen i Møremusikarordninga, er det ei indirekte støtte til frilansmusikarane. Gjennom ordninga får musikarar oppdrag med eit honorar etter bransjestandard, seier Krogsæter.
Ordninga har fem søknadsfristar, der dei to siste i år er 15.august og 15.oktober. Les meir og søke støtte her: Tilskot til innleige av profesjonelle frilansmusikarar - Møremusikarordninga.