- Får bruke kompetansen frå fylkeskommunen som ny jazz-sjef
Den nye sjefen for Moldejazz ønsker å framsnakke fylkeskommunen som arbeidsplass og arbeidsgivar når han no forlet Ålesund vgs.
- Eg opplever at organisasjonen har gitt veldig mykje til meg, både personleg, fagleg og på leiarnivå, seier ein takksam Endre Volden. Avdelingsleiaren for kunstfag ved Ålesund vgs. blei nyleg presentert som ny dagleg leiar for Moldejazz. Vi snakkar med ham berre dagar etter at styret i Moldejazz tilsette han.
Inspirert av styret i Moldejazz
- Kvifor gjer du dette?
- Det handlar om kva festivalen er; kunst, kultur og formidling av det. Men så blei eg og så utruleg inspirert av korleis styret i Moldejazz snakka om kva dei ønska inn av erfaring med leiing og med utviklingsarbeid. Også personalhandtering. Eg fekk inntrykk av at dei var på jakt etter mykje av det eg har fått lov til å utvikle meg på, og har fått erfaring med, i fylkeskommunen som avdelingsleiar. Så dette ville eg vere med på, seier Volden.
Volden var først teaterlærar på Ålesund vgs., men seinare blei han leiar for avdelinga med ansvar for studieretningane kunst, design, arkitektur og dans, drama og musikk.
- Då eg fekk jobben som avdelingsleiar, fekk eg blant anna tilbod om kurs i leiarutvikling; rektorstudium. Eg opplever å vere i ein organisasjon som har investert i jobben min og som har vore raus, og som framleis er raus når han lar meg ta med meg alt dette inn i ny stilling som dagleg leiar i Molde internasjonale jazzfestival, seier Volden.
- Klokt av fylkeskommunen
- Kva har tida i Møre og Romsdal fylkeskommune gitt deg?
- Den har gitt meg moglegheit til å gjere mi hovudoppgåve; undervise og leie. Men og moglegheita til å dra i gang mange hårete prosjekt - samarbeid som eg ikkje trudde vi skulle ha med store kunstnarar, med Kulturtanken og med Den kulturelle skolesekken. Og eg har fått moglegheit til å vere med og lage nye læreplanar i Utdanningsdirektoratet. Eg tenker at fylkeskommunen som arbeidsgivar ikkje hadde behøvd å seie at eg skal få halde på tre år med Utdanningsdirektoratet ved sidan av jobben min. Men eg opplever at dei er så kloke når dei meiner at «dette gir noko tilbake», seier Volden.
Fleire utfordringar
Men han peikar og på utfordringsbildet. For eksempel konkurransen mellom dei vidaregåande skolane.
- Ålesund vgs. skal ikkje konkurrere med for eksempel Spjelkavik og Stranda. Denne konkurransesituasjonen trur eg ikkje nødvendigvis gagnar organisasjonen som heilskap, seier han.
Også kampen mellom fogderia i fylket er noko han gjerne skulle kome til livs.
- Fogderifylket – eg har alltid syntest det har vore noko rart. Vi er jo eit bitte lite fylke med tre fine byar. Dersom vi skal halde på med fogderikampen, så kan det øydelegge for oss sjølve. Kulturdirektør Heidi-Iren Vedlog Olsen sa det så fint ein gong: «Vi må jobbe med dei prosjekta som drar fylket saman.» Det var fint sagt. Der har fylkeskommunen ei kjempeviktig rolle, seier Volden.
Viktig bidragsytar
Sjølv om Volden no går over i ny jobb, vil han framleis ha mykje å gjere med Møre og Romsdal fylkeskommune. Fylkeskommunen bidreg årleg med eit driftstilskot på nær tre millionar kroner til Moldejazz.
- Moldejazz er eit kulturelt fyrtårn, med ein tydeleg posisjon og rolle - frå det heilt lokale til den internasjonale arenaen. Festivalen har høg kvalitet, eit mangfald i tilbodet sitt og er eit godt døme på lagarbeid. Det er svært mange som har hatt høve til å utvikle sitt personleg eigarskapet til festival. Det trur eg blir vidareført med Endre Volden som dagleg leiar, seier kulturdirektør Heidi-Iren Wedlog Olsen.