«Bytvilling» frå Ålesund gir europeiske byar klimahjelp
28. og 29. juni hadde EU-prosjektet CREST sitt første møte i Ålesund med partnarar frå Noreg, Polen og Frankrike. Ved hjelp ein bytvilling, ei digital framstilling av byen, skal prosjektet vise korleis klimaendringane vil påverke byar, engasjere innbyggarane og vise løysingar.
Fylkeskommunen er partnar og ønsker å ta i bruk ny teknologi for å involvere innbyggarane i byutviklinga.
- Dette skal vi gjere ved å vise fram kva endringar byar vil gjennomgå og måle klimarisikoen dei neste tiåra. Prosjektet vil ha relevans for byar langs kyst og elver i heile Europa, seier Johannes Brekke, rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommunen.
Forsking i front
I CREST samarbeider forskingsmiljø, private og offentlege aktørar. Ålesundsfirmaet AugmentCity er lead partner og har utvikla metoden som prosjektet bygger på.
- Gjennom prosjektet får AugmentCity tilgang til nokre av verdas beste forskingsmiljø innanfor innbyggarmedverknad og byplanlegging basert på store data. Den digitale tvillingen vår vil bli brukt til strategisk planlegging i tre sentrale europeiske byområde, blant anna til å vise konsekvensar av flaumar og stigande havnivå, seier Pierre Major, prosjektleiar i CREST.
I Ålesund vart deltakarane presenterte for AugmentCity-metoden og fleire prosjekt der digital tvilling er tatt i bruk, som SmartPlan- og Twinfjord-prosjekta Fjord og Stranda kommune.
FAKTA:
- CREST, akronym for ‘Climate-resilient coastal urban infrastructures through digital twinning’
- Prosjektet starta i april og vil gå over tre år. Les meir her: http://crestproject.eu/about/
- Digital Tvilling (DT) er definert som ‘en virtuell representasjon av en fysisk virkelighet gjennom data og simulatorer’. (Sintef)
- Åtte partnarar deltar frå Møre og Romsdal, Bordeaux-regionen (Frankrike) og Kolobrzeg kommune (Polen).