Ber Staten oppretthalde eigarskapet til to fiskerihamner
Staten må oppretthalde eigarskapet til Alnes hamn i Giske og stormvernet på Veidholmen i Smøla.
Det meiner fylkesutvalet i Møre og Romsdal, som einstemmig har vedtatt ein uttale om fiskerihamnene.
Kystverket har vedtatt å avhende statlege fiskerihamner som ikkje lenger er i bruk som fiskerihamner, og Kystverket skriv på sine nettsider at «Målet er at desse anlegga skal få annan bruksverdi og dermed ny aktivitet som kan kome lokalsamfunnet til gode.»
Her er uttalen frå fylkesutvalet:
«Møre og Romsdal fylkeskommune viser til tidlegare vedtak i samband med overføring av statlege fiskerihamner, og ber Nærings- og fiskeridepartementet, eventuelt i samråd med Kommunal- og distriktsdepartementet og Samferdselsdepartementet, om å oppretthalde statleg eigarskap til Alnes hamn og stormvernet på Veidholmen.
Grunngjeving for begge stadene er tidlegare sendt, men vi tek her opp att for Alnes hamn. Argumenta for Veidholmen er like sterke.
For Giske kommune og innbyggjarane på Alnes især, er og har Alnes hamn vore eit særs viktig vern av både lokal busetnad og heile lokalsamfunnet. Sikkerheita og opplevd tryggleik for dei som bur og ferdast langs strandlinja på Alnes er noko som er viktig for Giske kommune. Dette gjeld uansett kven som eig molovernet i Alnes hamn, men det statlege eigarskapet av hamna har vore ei tryggheit for både innbyggjarane på Alnes, for sjøfolk alle som ferdast langs kysten og for Giske kommune. Blir dette eigarskapet overført til private eigarar og moloanlegga blir skada av dei sterke naturkreftene og eigaren ikkje har ressursar til å utbetre og sikre molovernet, blir dette eit risikoobjekt som Giske kommune må handtere i høve beredskap. Eit statleg eigarskap med alle nødvendige ressursar og kompetanse til å ivareta moloanlegg, er viktig.
I tillegg til sikkerheita og vernet som moloanlegga gir, er her også eit viktig moment som staten sjølv har peika ut som noko særmerkt for Alnes. Alnes er eitt av to område i fylket vårt som staten har gitt status som «Utvalgt kulturlandskap». Kriteria som staten legg til grunn for å gi eit område status som «Utvalgt kulturlandskap», tilseier at Alnes hamn bør få ei særskilt handsaming i vurdering rundt avhending frå statleg til privat eige.»
Uttalen blir send til Nærings- og fiskeridepartementet med kopi til Mørebenken.