Åtte ferjesamband blir gratis frå fredag 1. juli
Fylkesutvalet vedtok måndag at også sambandet Brattvåg-Fjørtofta-Harøya skal bli gratis frå 1. juli.
Dermed blir til saman åtte ferjesamband i Møre og Romsdal gratis frå førstkomande fredag. Dei åtte sambanda er:
- Arasvika-Hennset
- Molde-Sekken
- Småge-Orta-Finnøya-Sandøya-Ona
- Festøya-Hundeidvika
- Sæbø-Leknes
- Standal-Trandal-Sæbø-Skår-Valderøya-Store Kalvøy
- Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya (PS: Reiser mellom Åram og Larsnes vil ikkje vere gratis)
- Brattvåg-Dryna-Fjørtofta-Harøya (PS: Reiser til og frå Dryna vil ikkje vere gratis)
Fylkesutvalet føreset at auka kostnader blir kompensert av staten. Og utvalet meiner at fleire strekningar enn dei Stortinget har lista opp i proposisjonen må bli gratissamband: «Fylkesutvalet ber fylkeskommunedirektøren melde inn at sambanda Brattvåg-Dryna og Brattvåg-Harøya ikkje er lista opp i proposisjonen, likeins at heile rute 01 Larsnes-Voksa-Kvamsøya- Åram har langt under 100.000 personar, og at dei må inn på lista for utrekning av kompensasjonen», heiter det i vedtaket frå fylkesutvalet.
I saksframlegget til fylkesutvalet skreiv fylkeskommunedirektøren at det er fleire moglege konsekvensar som vil bli følgt nøye:
- Lokalreiser og fritidsreiser vil auke i omfang
- Fleire tar med seg bil/bubil når dei reiser
- Generelt sett, men særskilt i ferie/høgtider med høg trafikk, aukar faren for attståande bilar på kai
- Næringstrafikk kan i større grad oppleve å måtte vente til neste avgang
- Kapasitetsutfordringar på kai og om bord
- Kapasitetsutfordringar på veg på stader med dårleg framkomst eller ikkje tilrettelagt for høg trafikk
«Fylkeskommunedirektøren presiserer at det ikkje finns økonomisk handlingsrom til å auke produksjonen i inneverande budsjett», går det fram av saksframlegget til fylkesutvalet.