Møre og Romsdal ønsker å ta ei tydeleg rolle i å utvikle eit berekraftig samfunn for framtida.
FNs berekraftsmål (FN17) er verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, bekjempe ulikskap og stoppe klimaendringane. Å stoppe klimaendringane ligg i FNs berekraftsmål 13. Målsettinga er å handle omgåande for å motarbeide klimaendringane og konsekvensane av dei. Ein må altså både jobbe for å redusere utslepp av klimagassar og bygge robuste samfunn som handterer konsekvensane av dei klimaendringane som kjem.
Noreg har forplikta seg til å følge opp desse måla. Noreg har og forplikta seg til klimagassreduksjonar gjennom Parisavtalen.
Møre og Romsdal fylke har sett eigne mål for å handtere klima- og naturkrisa. Mellom anna har fylket sett seg som langsiktig utviklingsmål å bli miljøfylke nr. 1. Dette langsiktige utviklingsmålet blir støtta opp av fylkesplanmåla. Møre og Romsdal skal:
Måla gjeld heile samfunnet; innbyggjarar, næringsliv, lag og organisasjonar, kommunar og fylkeskommunen.
Fylkeskommunen si verksemd fører til klimagassutslepp. Dei største utsleppa frå verksemda vår skuldast kollektiv- og ferjetilbodet. For å nå målet om 55 % reduksjon i klimagassutslepp har fylkeskommunen tatt i bruk miljøferjer på ein del samband, og elbussar er på veg inn i dei tre største byane våre. Vi arbeider også med å redusere klimagassutslepp og energibruk i fylkeskommunale bygg.
For å få oversikt over klimagassutsleppa både i verksemda og fylket har fylkeskommunen laga sitt første klimabudsjett, for 2022. Eit klimabudsjett er eit styringsverktøy som skal bidra til å følgje opp vedtatte mål om klimagassreduksjon og andre vedtatte klimamål.